Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Næringsareal i ny kommunedelplan

Ny kommunedelplan for sentrum-Ikornnes sikrar utvidingsareal for eksisterande næring. Planen opnar også for naturtilpassa utleigehytter.

Samla ligg det om lag 190 dekar tilgjengeleg industriareal i planforslaget. Areala ligg til eksisterande industriområde, og gir utvidingsmoglegheiter for eksisterande bedrifter eller kan gi rom for nyetableringar. Gjennom kommuneplanen legg ein til rette det formelle grunnlaget for utbygging. Nokre område er detaljregulerte, andre må gjennom ein reguleringsprosess før dei kan takast i bruk.

Tre nye næringsareal i planforslaget er knytt til utleigehytter der berande prinsipp i områda er enkle, naturnære konstruksjonar med minimalt fotavtrykk, tilpassa terreng og natur. Dette kan opne for nye, spanande reiselivsprodukt. Områda er foreslått som næringsareal i nytt planforslag.

NU har vedtatt å legge planforslag ut til høyring. Etter høyring vil alle merknadar bli vurdert, og utvalet kan vedta endringar i planen. Ved vesentlege endringar må planen leggast ut til ny høyring.

Les plandokumenta og sei di meining til kommunen innan høyringsfristen som er 29.oktober 2018. Send til postmottak@sykkylven.kommune.no

Info 
Web Redaktør 16.10.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]