Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Vedtak i sak om oppretting av kommunalt legesenter

1.       Rådmannen får fullmakt til å opprette eit kommunalt legesenter med ledige legeheimlar.

2.       Etablering og drift av nytt kommunalt legesenter inkl. oppretting av nye fastlønna legestillingar og stillingar for hjelpepersonell, vert å ta med i budsjett 2019.

3.       Den tidsavgrensa avtalen om turnuslege mellom Sykkylven kommune og Sykkylven legesenter AS for tidsrommet 01.01.2016 – 01.03.2019, vert avslutta 01.03.2019.

4.       Det skal settast i gang ein prosess med å finne egna lokale til eit kommunalt legesenter.

5.       Sykkylven kommune tek tilbodet om kjøp av Sykkylven Legetjeneste AS til vitande, og gir rådmannen fullmakt til vidare forhandlingar. Frist for å avslutte forhandlingane vert sett til 01.01.2019.

Kommunestyret behandla i dag saka og vedtaket fekk 20 røyster.

Fylgjande forslag fekk 9 røyster og fall.:

1.       Sykkylven kommune startar utan opphald forhandlingar med Sykkylven Legetjeneste AS med sikte på kommunal overtaking av selskapet.

2.       Sykkylven kommunestyre forventar at det vert oppnådd semje om vilkår for overtakinga innan 01.06.2019.

3.       Gjeldande avtalar inkl. avtale om daglegevakt vert forlenga inntil forhandlingar er avslutta.

Ordførar

Info 
Web Redaktør 22.10.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]