Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Leige ev. kjøp av kontorlokale til legesenter i Sykkylven kommune

Sykkylven kommune vurderer å leige, evt. kjøpe  400-600 kvm BTA til kontorlokale for eit kommunalt legesenter sentralt i Sykkylven, gjerne lokale med mulegheit for framtidig utviding. 

Planlagt innflytting 1.3.2019.

Innhald

Lokala skal vere utforma etter gjeldande lover og forskrifter, TEK 17 / TEK 10 og NS 11001 universell utforming av byggverk. Krav til lyddemping (Db – minimum 52 db) i skillekonstruksjonar, veggar og dører.  Det er ønskeleg med trinndempande materiale på golv som linoleum eller anna golvbelegg. Lokala skal oppfylle branntekniske krav. Primært ønskjer vi kontorlokale på ei flate. Det vert stilt krav til energieffektivitet og tilrettelegging for full digital drift. Det vil bli lagt vekt på sentral beliggenheit, samt god tilkomst med parkeringsplassar og vekt på trafikktryggleik. Tilkomstilhøva skal vere gode for menneske med rørsle- og orienteringshemming.

Informasjon

Vi ber tilbydarar melde si interesse til Sykkylven kommune, postmottak@sykkylven.kommune.no, innan 9.11.2018.  Merk e-posten med «Legesenter Sykkylven kommune». 

Kontaktperson: Eli Otterlei, epost, eli.otterlei@sykkylven.kommune.no, telefon 70 24 65 57/93 20 14 13.  Nærmare programmering av lokala vil skje i samarbeid med kommunen og brukergruppene.

Info 
Web Redaktør 25.10.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]