Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Skular Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Kommunen har stengt dei kommunale nettverka for "mobbeappar"

Kommunen har valt å stenge dei kommunale nettverka for såkalla «mobbeappar» som Ask.fm, Tellonym og Jodel. Dette betyr at ein ikkje kan få tilgang til desse appane via kommunale nettverk.

Appane har ingen positive funksjonar for barn, unge eller vaksne, som ikkje er dekt av anna programvare. For å sørgje for at elevane er trygge medan dei er på skulen, vel kommunen difor å stenge dei ute frå nettverka våre. Det generelle mobilforbodet i skulen gjeld også framleis.

 

I både barnehagar og skular vert det arbeidd med å skape gode og trygge miljø for barn og unge kvar einaste dag. For kommunen er det også viktig å informere foreldre om kva type appar dette er.

 

Sykkylven kommune vil med dette markere vår haldning mot slike appar. Dei legg til rette for krenkingar og mobbing av namngjevne barn, der mobbarane sjølve er anonyme.

Info 
Web Redaktør 30.10.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]