Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Barnehagar Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

1. februar er søknadsfrist for barnehageopptaket 2019/2020

¤EPII_TITLE¤ Det kan no søkjast på ledige plassar i barnehagane i Sykkylven kommune for opptak hausten 2019. NB: Søknadsfristen til hovudopptaket vert no flytta fram til 1. februar.

Årsaka til dette er mulige strukturendringar dersom kommunestyret gjer vedtak om budsjettkutt i barnehagesektoren. Dersom dette vert ein realitet, treng kommunen lenger tid på prosessen kring hovudopptaket

 

Søknadsfrist til hovudopptaket: 1. februar 2019

 

Det er samordna opptak der ein i utgangspunktet kan velje mellom fem kommunale og fire private barnehagar. Søkjarane vert oppmoda om å krysse av for flest moglege alternativ i prioritert rekkjefølgje. Barn som ikkje får plass ved nokon av sine prioriterte alternativ, blir tildelt plass på slutten av opptaket ved ein av dei barnehagane som framleis har ledig kapasitet. Dette skjer då etter ei skjønnsmessig vurdering. Sjansen for å få innfridd sitt hovudønskje har ingen samanheng med at ein berre kryssar av for ein barnehage.

Alle barn som er fødd før 1. desember 2018 har lovfesta rett til plass, dersom ein søkjer innan fristen for hovudopptaket.

Dei søkjarane som ikkje får innfridd 1. eller 2. prioritet har klagerett.

Alle søkjarar skal nytte det elektroniske søknadsskjemaet (sjå eiga lenke). NB: Hugs å nytte skjemaet for 2019/2020. Dersom de treng hjelp til utfylling av skjemaet kan de ta kontakt med Servicetorget på telefon 70 24 65 00.

Desse må søkje:

-          Barn som ikkje har barnehageplass

-          Barn som står på venteliste no

-          Barn som har plass, men ønskjer å bytte barnehage

Barn med nedsett funksjonsevne og barn som det er fatta vedtak om etter lov om barneverntenester har rett til prioritet ved opptak. Dette må dokumenterast skriftleg. Elles har kommunen utarbeidd eigne kriterier som gir prioritet ved opptak. Informasjon om dette finn de under lenka «Barnehagevedtekter».

Lenkje til  søknadsskjema: Barnehagesøknad 2019/2020 

 

Info 
Web Redaktør 17.01.2019 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Relaterte - alle gruppert [2] 
Rediger 
Uten navn [4]