Tilbod om PMTO-foreldrerådgjeving og PMTO-behandling i Sykkylven
Dei fleste
småbarnsforeldre opplever stress og mangel på tid i periodar. Då kan det vere
krevjande å oppretthalde eit godt samspelsmønster i familien. Foreldre kan
oppleve å handtere situasjonar med borna på ein uheldig måte, som kanskje i
neste omgang fører til ei forverring av situasjonen. Om slik negativt samvere
får dominere familien over tid, aukar risikoen for at barnet kan utvikle
problemåtferd, og i verste fall alvorlege åtferdsvanskar.
I Sykkylven
har vi allereie tre sertifiserte PMTO-terapeutar, som kan gi intensiv
behandling for foreldre som opplever krevjande samspel i familien. Denne
behandlinga går over 10-30 timar.
Nytt frå i år
er at Sykkylven kommune kan tilby foreldrerådgjeving som eit mindre omfattande
opplegg enn behandlinga er. Hausten 2018 vart seks foreldrerådgjevarar kursa,
og desse kan no tilby rettleiing som går over 3-6 timar til foreldre.
Foreldre som
ønsker rådgjeving og/eller behandling, kan bruke vedlagte søknadsskjema.
Tilbodet går
ut til alle foreldre som ønskjer å få konkrete råd og verkty for å sikre god
samhandling med barnet/barna sine. Trygge foreldre gir trygge barn.
Sjå også den
vedlagte brosjyra vår.
For meir
informasjon om PMTO:
https://www.pmto.no/tilbud-til-familier/pmto
https://www.nubu.no/aktuelt/foreldrene-til-barn-med-atferdsvansker-far-det-bedre-med-radgivning-article2942-119.html