Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Legetenesta i Sykkylven

Legetenesta i kommunane gjennomgår ei rivande utvikling. Endringar i lover, arbeidsoppgåver, arbeidstid, og ikkje minst endringar i nye legar sine ønskjer når dei søkjer arbeid, påverkar korleis kommunane må utvikle tenesta framover.

Slike endringar kan skape uro og motsetningar fordi interesser står mot kvarandre.

Sykkylven kommune var faktisk litt «føre si tid» og sette allereie i 2015 i gong eit omfattande arbeide med å utvikle ei moderne og framtidsretta legeteneste for innbyggjarane. Kommunestyret sitt utgangspunkt var m.a. ein omfattande revisjonsrapport som kommunestyret hadde bestilt. Denne avdekka visse manglar ved legetenesta  som kommunestyret såg måtte rettast på for å møte framtida.

 

Kommunestyret erkjente at når ein har ansvaret for ei god legeteneste, så må ein også ha ei «hand på rattet». I denne prosessen er det rådmannen sin jobb både å gi råd til kommunestyret, og iverksette dei vedtak som kommunestyret gjer.

 

Legetenesta i kommunane gjennomgår akkurat no ei rivande utvikling. Hovedtrekka er, slik det og er gjort greie for i legeplanen:

 

Ø  Nye lovkrav til beredskap og kvalifikasjona

Ø  Nye behandlingsforløp og prosedyrer som skal gjennomførast i kommunene

Ø  Auke i antall eldre og personar med samansette behov og fleire diagnosar som krev  meir og meir samarbeid mellom legetenesta og omsorgstenesta

Ø  Overføring av oppgåver frå sjukehus til kommunen

Ø  Generasjonsskifte i legetenesta der nye og unge legar prioriterer ordna arbeids- og fritid, og økonomisk tryggheit

Ø  Sterk auke i legane si arbeidsmengd fører til behov for reduksjon i gjennomsnittleg listelengd

Ø  Avtale mellom legeforeninga og Helsedepartementet om ein full gjennomgang av fastlegeordninga våren 2019. Regjeringa har varsla ein handlingsplan for allmennlegetjenesten i 2020 som vil kunne få budsjettmessige konsekvensar i 2021.

 

Sykkylven kommunestyre har allereie i sin plan frå 2015 teke høgde for deler av denne utviklinga. Imidlertid har utviklinga akselerert forare enn føresett og har gitt ei krise i fastlegeordninga mange stadar. 

 

I Sykkylven har vi i dag 6 fastlegar. Desse har 7558 listepasientar, listelenga varierer frå 917 til 1625. Legane vi har i dag er godt kvalifiserte og gjer ein god jobb, men kommunen har fortsatt lav legedekning samanlikna med andre kommuner. Gjennomsnittleg listelengd i samanliknbare kommuner ligg i området 900 – 1100.  Dette er bakgrunnen for å tilrå å dele den ledige heimelen til Hove i to lister, slik at ein ville få å styrka legekapasitetet totalt sett  i kommunen. Ein ville då få auka antal legar i frå 6 til 7.

 

I følgje legeplanen for Sykkylven kommune skal vi i løpet av planperioden som utgår i 2019, ha tilsett 8 fastlegar for å kunne gi befolkinga ei legeteneste som har den kapasitet og kvalitet som samfunnet krev.

 

To av fastlegane nærmar seg pensjonsalder, og ein av dei har sagt opp avtalen sin. I løpet av dei komande åra bør altså kommunen rekruttere 2-4 nye legar, alt etter når ein går av med pensjon.

 

Nye legar synes oftast å ville ha kortare arbeidstid enn det som fastlegar har i dag. Vidare vil dei ha økonomisk tryggheit for seg sjølv og familien. Dei vil helst unngå å sette seg i så stor gjeld som dei må dersom dei skal kjøpe ein fastlegepraksis, og dei vil gjennomføre nødvendig spesialisering slik krava er.

 

Mange kommunar legg difor til rette for å gi unge legar tryggheit i etableringsfasen. Dersom Sykkylven kommune skal sikre legeteneste til innbyggarane i åra som kjem, må kommunen ha så gode ordningar at vi kan rekruttere blant alle legar som søkjer arbeid. Har ein ikkje tilbod om fastlønna legestillingar, så kan rekrutteringsgrunnlaget bli meir avgrensa.

 

Då kommunestyret vedtok å flytte den ledige heimelen til Hove til eit nytt kommunalt legesenter,  var det for å bygge opp eit senter kor leger kunne søke stilling med fast lønn. Eit legesenter i kommunal regi ville gi sterkare styring og mulegheit til å bruke ressursane meir fleksibelt utifrå kommunen og innbyggarane sine behov. Ein la opp til at eit kommunalt legesenter skulle vere kostnadsnøytralt i høve dagens ordning.

 

Sunnmøre tingrett vedtok at kommunen ikkje kan flytte legeheimelen før Hove har fått prøvd rettsleg om kommunen kan gjere det eller ikkje. Kommunestyret vedtok å ikkje å anke tingretten si «midlertidige forføyning», og dette medfører at kommunen må vente til Hove har bestemt seg om han vil prøve saka rettsleg. Saka er dermed ikkje endelig avklart.

 

Hove har teke initiativ til at han av omsyn til pasientane kan halde fram etter 15. mars, og på den måten sikre pasientane ei god legeteneste til saka er avklara. Kommunen arbeider med å få til ein avtale om dette.

 

Sykkylven kommune er no i forhandlingar om å overta Sykkylven legeteneste AS. Kommunen har fått tilbud om å kjøpe selskapet frå tidlegast sommaren 2021. Kommunen har ikkje fått tilbod om å kjøpe lokala dei held til i, men vil få tilbod om å leige. Forhandlingsutvalet er samansett av fire politikarar og rådmann. Kommunestyret har gitt forhandlingsutvalet ein frist til å forhandle fram til 01. april 2019.

 

Som rådmann vil eg understreke følgjande: Eg og medarbeidarane mine tek dei oppgåvene kommunestyret pålegg oss på største alvor. Det er mi oppgåve å syte for at kommunestyret til ei kvar tid har den informasjon dei treng for å gjere sine vedtak. Rådmann er pålagt både å utgreie og kome med tilråding. Når vedtak er gjort er det mi oppgåve å sette dei i verk, enten eg vert populær eller ikkje. Såleis er det også i denne saka, som har vore og er krevjande for alle partar.

 

 

May-Helen Molvær Grimstad

Rådmann

Info 
Web Redaktør 01.02.2019 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]