Slike endringar kan
skape uro og motsetningar fordi interesser står mot kvarandre.
Sykkylven kommune var
faktisk litt «føre si tid» og sette allereie i 2015 i gong eit omfattande
arbeide med å utvikle ei moderne og framtidsretta legeteneste for
innbyggjarane. Kommunestyret sitt utgangspunkt var m.a. ein omfattande revisjonsrapport
som kommunestyret hadde bestilt. Denne avdekka visse manglar ved
legetenesta som kommunestyret såg måtte
rettast på for å møte framtida.
Kommunestyret
erkjente at når ein har ansvaret for ei god legeteneste, så må ein også ha ei
«hand på rattet». I denne prosessen er det rådmannen sin jobb både å gi råd til
kommunestyret, og iverksette dei vedtak som kommunestyret gjer.
Legetenesta i kommunane
gjennomgår akkurat no ei rivande utvikling. Hovedtrekka
er, slik det og er gjort greie for i legeplanen:
Ø Nye lovkrav til beredskap og kvalifikasjona
Ø Nye behandlingsforløp og prosedyrer som skal gjennomførast i
kommunene
Ø Auke i antall eldre og personar med samansette
behov og fleire diagnosar som krev meir
og meir samarbeid mellom legetenesta og omsorgstenesta
Ø Overføring av oppgåver frå sjukehus til kommunen
Ø Generasjonsskifte i legetenesta der nye og unge legar prioriterer
ordna arbeids- og fritid, og økonomisk tryggheit
Ø Sterk auke i legane si arbeidsmengd fører til behov for reduksjon i
gjennomsnittleg listelengd
Ø Avtale mellom legeforeninga og
Helsedepartementet om ein full gjennomgang av fastlegeordninga våren 2019. Regjeringa har varsla ein handlingsplan for allmennlegetjenesten i
2020 som vil kunne få budsjettmessige konsekvensar i 2021.
Sykkylven kommunestyre har allereie i sin
plan frå 2015 teke høgde for deler av denne utviklinga. Imidlertid har
utviklinga akselerert forare enn føresett og har gitt ei krise i
fastlegeordninga mange stadar.
I Sykkylven har vi i dag 6 fastlegar. Desse
har 7558 listepasientar, listelenga varierer frå 917 til 1625. Legane vi har i
dag er godt kvalifiserte og gjer ein god jobb, men kommunen har fortsatt lav
legedekning samanlikna med andre kommuner. Gjennomsnittleg listelengd i
samanliknbare kommuner ligg i området 900 – 1100. Dette er bakgrunnen for å tilrå å dele den
ledige heimelen til Hove i to lister, slik at ein ville få å styrka
legekapasitetet totalt sett i kommunen. Ein ville då få auka antal legar i frå 6 til 7.
I følgje legeplanen
for Sykkylven kommune skal vi i løpet av planperioden som utgår i 2019, ha
tilsett 8 fastlegar for å kunne gi befolkinga ei legeteneste som har den
kapasitet og kvalitet som samfunnet krev.
To av fastlegane nærmar
seg pensjonsalder, og ein av dei har sagt opp avtalen sin. I løpet av dei
komande åra bør altså kommunen rekruttere 2-4 nye legar, alt etter når ein går
av med pensjon.
Nye legar synes
oftast å ville ha kortare arbeidstid enn det som fastlegar har i dag. Vidare
vil dei ha økonomisk tryggheit for seg sjølv og familien. Dei vil helst unngå å
sette seg i så stor gjeld som dei må dersom dei skal kjøpe ein fastlegepraksis,
og dei vil gjennomføre nødvendig spesialisering slik krava er.
Mange kommunar legg
difor til rette for å gi unge legar tryggheit i etableringsfasen. Dersom
Sykkylven kommune skal sikre legeteneste til innbyggarane i åra som kjem, må
kommunen ha så gode ordningar at vi kan rekruttere blant alle legar som søkjer
arbeid. Har ein ikkje tilbod om fastlønna legestillingar, så kan rekrutteringsgrunnlaget
bli meir avgrensa.
Då kommunestyret
vedtok å flytte den ledige heimelen til Hove til eit nytt kommunalt legesenter, var det for å bygge opp eit senter kor leger
kunne søke stilling med fast lønn. Eit legesenter i kommunal regi ville gi sterkare
styring og mulegheit til å bruke ressursane meir fleksibelt utifrå kommunen og
innbyggarane sine behov. Ein la opp til at eit kommunalt legesenter skulle vere
kostnadsnøytralt i høve
dagens ordning.
Sunnmøre tingrett
vedtok at kommunen ikkje kan flytte legeheimelen før Hove har fått prøvd
rettsleg om kommunen kan gjere det eller ikkje. Kommunestyret vedtok å ikkje å
anke tingretten si «midlertidige forføyning», og dette medfører at kommunen må
vente til Hove har bestemt seg om han vil prøve saka rettsleg. Saka er dermed
ikkje endelig avklart.
Hove har teke
initiativ til at han av omsyn til pasientane kan halde fram etter 15. mars, og
på den måten sikre pasientane ei god legeteneste til saka er avklara. Kommunen arbeider
med å få til ein avtale om dette.
Sykkylven kommune er no
i forhandlingar om å overta Sykkylven legeteneste AS. Kommunen har fått tilbud
om å kjøpe selskapet frå tidlegast sommaren 2021. Kommunen har ikkje fått
tilbod om å kjøpe lokala dei held til i, men vil få tilbod om å leige. Forhandlingsutvalet
er samansett av fire politikarar og rådmann. Kommunestyret har gitt
forhandlingsutvalet ein frist til å forhandle fram til 01. april 2019.
Som rådmann vil eg
understreke følgjande: Eg og medarbeidarane mine tek dei oppgåvene
kommunestyret pålegg oss på største alvor. Det er mi oppgåve å syte for at
kommunestyret til ei kvar tid har den informasjon dei treng for å gjere sine
vedtak. Rådmann er pålagt både å utgreie og kome med tilråding. Når vedtak er
gjort er det mi oppgåve å sette dei i verk, enten eg vert populær eller ikkje.
Såleis er det også i denne saka, som har vore og er krevjande for alle partar.
May-Helen Molvær
Grimstad
Rådmann