Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Utlegging eigedomsskatteliste 2019

¤EPII_TITLE¤ Sykkylven kommune legg hermed ut eigedomsskattelista for år 2019

Som sak 94/18 - 17. desember 2018, gjorde kommunestyret slikt vedtak: 

I medhald av eigedomsskattelova §§ 2 og 3 skal følgjande utskrivingsalternativ for skatteåret 2019

nyttast:  g) faste eigedomar i heile kommunen, unnateke næringseigedom, kraftverk, vindkraftverk, kraftnett og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum.

 

Eigedomsskatten vert sett til 1 promille (esktl. § 13).

 

Eigedomsskatten skal betalast i to terminar, jf. eigedomsskattelova § 25.

 

Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen tidligare vedtekne Skattevedtekter, jf. eigedomsskattelova § 10.

 

For primærbustader skal formuesgrunnlag frå Skatteetaten nyttast der slikt er fastsett.

 

Som det står i vedtaket er formuesgrunnlag frå Skatteetaten nytta, der slikt ligg føre.  Formuesgrunnlag kan bli endra kvart år.  Eigedomar utan formuesgrunnlag er takserte.  Denne taksten vert ståande i 10 år fom 2018.

 

Utskrive skatt under kr 50 vert ikkje kravd inn, jf esktl § 14.

Forfall er sett til 17. juni og 15. november.  Faktura vil bli sendt ut ca 1 mnd før forfall.

 

Skatteseddel er sendt ut.  Skattesedlane vert sendt ut via KS-svar ut, slik at dei som har samtykka til elektronisk kommunikasjon med det offentlege, vil få skatteseddelen via Altinn, Digipost eller tilsvarande.  Viss ein ikkje går inn på Altinn, Digipost eller tilsvarande og les meldinga, vil ein etter to dagar få tilsendt meldinga på papir.

 

Dei som har reservert seg vil få skatteseddel som papirpost. 

 

Difi (Direktoratat for forvaltning og IKT) har etablert eit felles register over innbyggarane sin digitale kontaktinformasjon og reservasjonsstatus. Når forvaltningsorganet har kopla seg opp til dette registeret, kan det kommunisere digitalt med alle innbyggarar som ikkje har reservert seg, utan å innhente samtykke.

 

 

Skattelista er i tillegg lagt ut på kommunens servicetorg.

Utrekning av eigedomsskatt for dei med formuesgrunnlag

For å rekne ut eigedomsskattebeløpet har kommunen tatt utgangspunkt i Skatteetatens bustadverdi. For år 2019 vert eigedomsskatt skrive ut med bakgrunn i likningsverdiar år 2017 (Siste likning)

Kommunane skal ved eigedomsskatteutskriving redusere bustadverdien (Formuesgrunnlaget) ved å multiplisere han med 0,8.

Døme på utrekning:

Likningsverdi i sjølvmelding år 2017 Kr 687 500  
Bustadverdi (formuesgrunnlag): kr 687 500 x 4 Kr 2 750 000  
Korreksjon av formuesgrunnlag: kr 2 750 000 x 0,8 Kr 2 200 000 Kr 2 200 000 
Grunnlag for eigedomsskatt   Kr 2 200 000 
Berekna eigedomsskatt 2019:  Kr 2 200

 

 

KLAGE FOR DEI SOM HAR FÅTT SKATTEN FASTSETT MED GRUNNLAG I SKATTEETATENS FORMUESGRUNNLAG:

 

Meiner du grunnlaget er feil, kan du sjølv endre i skattemeldinga.  Du kan også sende endringsmelding.  Det er ikkje lenger naudsynt å klage til Skatteetaten.  Endringsmelding kan sendast inn elektronisk eller til:

 

Skatteetaten

Skatt Midt-Norge

Postboks 2060

6402 MOLDE

 

Bustader utan formuesgrunnlag/Fritidsbustader

Dette gjeld i regelen bustad på landbrukseigedomar, fritidsbustader og bustader som av ein eller annan grunn ikkje har fått fastsett bustadverdi (formuesgrunnlag) frå Skatteetaten.

Taksten er basert på fakta om eigedomen din, ulike bygningstypar og areal er gitt ulike prisar. Det vert utvendig synfaring av alle eigedomar. Det skal ikkje gjerast innvendig synfaring av eigedomen. Det vert teke skjønnsmessig vurdering av bygninga sin tilstand, standard og kvalitet. På oppmoding vert det gjeve ei stutt grunngjeving for taksten.

«Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal» (Eigedomsskattelova § 8 A-2).

Taksten på eigedomen gjeld til neste taksering. Vanlegvis skjer dette etter 10 år. Det er sakkunnig nemnd som fastset takstane. Taksering vart gjort i år 2015 og skulle dermed stå uendra fram til år 2024. Opphaldet i andre halvår 2017 gjer at takstnemnda måtte fastsette nye takstar for år 2018 som då skal gjelde fram til år 2027

Døme på utrekning:

 

Takst fastsett av skattetakstnemnda Kr 2 200 000 
Grunnlag for eigedomsskatt  Kr 2 200 000 
Berekna eigedomsskatt 2019: Kr 2 200 

 

 

 

 

 

KLAGE FOR DEI SOM HAR FÅTT SKATTEN FASTSETT MED GRUNNLAG I KOMMUNAL TAKST:

 

Klagefristen er 6 veker etter utsending av skattesetlane.  Setlane vart sendt ut 25. februar, slik at klagefristen er 8. april.  Klage kan fremjast kvart år ved mottak av skatteseddel.  Meiner du fastsett verdi er feil (Faktafeil), kan du klage.  Har du klaga på eit faktum tidlegare og ikkje fått medhald, eller berre fått delvis medhald, kan du ikkje klage på same faktum no.

Klage skat rettast til eigedomsskattekontoret i kommunen og kontaktadresse er:

 

Sykkylven kommune

Eigedomsskattekontoret

Kyrkjevegen 62

6230 SYKKYLVEN

 

Det går fram av utsendt skatteseddel om du har fått eigedomsskatt utskrive med grunnlag i Skatteetatens formuesgrunnlag eller ved kommunal takst.

 

 

 

Sykkylven kommune
Eigedomsskattekontoret

Info 
Web Redaktør 26.02.2019 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Relaterte - alle gruppert [2] 
Rediger 
Uten navn [4]