Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Søk om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket og drenering. Søknadsfrist: 15. april

¤EPII_TITLE¤ Føremålet med SMIL- ordninga er å fremje natur- og kulturminneverdiane i landbruket sitt kulturlandskap, samt å redusere forureininga ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift. Søknadsfristen er 15. april 2019.
For å kunne søkje om SMIL-tilskot må søkjaren oppfylle krava i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i landbruket §§ 2 og 4 (grunnvilkår og inngrep i kulturlandskapet). Søkjar må vidare oppfylle krava i forskrift om gjødslingsplanlegging og forskrift om plantevernmiddel § 18 (sprøytejournal).

Søknaden skal leverast elektronisk via Altinn.
SMIL- prioriteringar 2019 - tiltak:

Generelt:
Tiltak som inneheld fylgjande moment vert prioritert høgast:
  • Tiltak som styrkjer driftsgrunnlaget for aktive gardbrukarar.
  • Tiltak som er viktige for landbruk/reiseliv.
  • Tiltak som tek vare på viktige kulturlandskap/ -miljø.
  • Fellestiltak.
  • Nye gardbrukarar.

Tiltak som kan støttast:
følgjande tiltak kan støttast, jf. §§ 4 og 5 i forskrifta. 

1.  Planleggings- og tilretteleggingsprosjekt (§ 4):
Prosjekt som fører fram til planar for konkrete planleggings- og tilretteleggingsprosjekt kan det gis inntil 40% tilskott.

2. Kulturlandskapstiltak (§ 5):
Følgjande tiltak kan støttast. Tiltaka må gå utover det ein kan rekne med ved vanleg jordbruksdrift.

2.1. Biologisk mangfald: Tiltak for å bevare og fremje biologisk mangfald i kulturlandskapet kan gis inntil 100 % tilskott.

2.2. Gammal kulturmark: Tiltak for å bevare og halde gammal kulturmark i hevd kan gis inntil 50% i tilskott.

2.3. Tilgjenge og opplevingskvalitet: Tiltak som legg til rette for ferdsel til fots og oppleving av landbruket sitt kulturlandskap gjennom friluftsliv og rekreasjon, kan gis inntil 50 % tilskott.

2.4. Kulturminne og kulturmiljø: Tiltak for bevaring og skjøtsel på og omkring kulturminne og kulturmiljø kan gis inntil 40 % tilskott.

2.5. Freda og verneverdige bygningar: Tiltak for å setje i stand og vedlikehalde freda og verneverdige bygningar i landbruket kan gis inntil 30 % tilskott. Bygningar som kan nyttast på ein føremålstenleg måte i landbruksdrifta eller annan næring vert prioritert. Tilskott vert gjeve til utvendige påkostnader. Fagmynde på fylkesnivå må kontaktast i saker som angår freda bygningar jf s. 9-10 i rundskriv 2015/17.

2.6. Andre tiltak: Andre tiltak som er viktige for kulturlandskapet, men som ikkje kjem inn under nokon av punkta ovanfor kan gis inntil 50 % tilskott. Eks. Fjerning av piggtråd.

3. Forureiningstiltak:
Følgjande tiltak kan støttast. Tiltaka må gå utover det ein kan rekne med ved vanleg jordbruksdrift.

3.1.Høytørkeanlegg: Bygging av høytørke på bruk som produserer høy på erosjonsutsett areal samt bygging av høytørke som medverkar til å redusere annan forureining frå bruket, t.d. erstatning for silo. Tiltak kan gis inntil 30 % tilskott. 

3.2.Hydrotekniske anlegg: Utbetring og supplering av hydrotekniske anlegg for å hindre erosjon på jordbruksareal og i vassløp og redusere avrenning av næringssalt frå jordbruksareal. Terrengutforming for å betre kontrollen på overflatevatnet inngår her. Graving av opne kanalar for å erstatte eksisterande lukka avløp for å redusere erosjon og auke vassløpet si sjølvreinsingsevne. Tiltak kan gis inntil 40 % tilskott.

3.3. Vegetasjonssoner: Etablering av vegetasjonssoner for å fange opp bl.a. jord og næringsstoff langs vassdrag kan gis inntil 40 % tilskott.

3.4. Fangdammar og våtmarker: Etablering av fangdammar og våtmarker for å auke vassløpet si sjølvreinsingsevne kan gis inntil 50 % tilskott.

3.5. Andre tiltak for å redusere forureining: Andre tiltak som er viktige for å redusere forureininga frå landbruket, men som ikkje kjem inn under nokon av punkta ovanfor kan gis inntil 50 % tilskott.

Dreneringstilskot

Tilskot til drenering kan gjevast for jordbruksjord som tidlegare har vore drenert. Både eigar av jordbruksjord og leigar av jordbruksjord kan søkje kommunen om tilskot. Søknaden må innehalde: (1) plan for drenering av arealet og (2) kart der dreneringsarealet er teikna inn. Kjende automatisk freda kulturminne og eventuelle biologiske verdiar skal vere avmerka på kartet.

Søknadsskjemaet finn du
her.  Tilskotet omfattar berre areal som tidligare har vore grøfta. Ofte vil gamle grøfter og grøfteutløp m.m. vere synlege. Dersom det er tvil om at arealet tidligare har vore grøfta, må eigar/søkjar dokumentere dette. Aktuell dokumentasjon kan til dømes vere tidlegare grøfteplanar, tilskotbrev om grøfting med grøftekart eller relevant faktura. Anna dokumentasjon kan vere stadfesting av entreprenør eller andre personar, t.d. foto som viser effekt av gamle grøfter, osv.

Tilskotet utgjer kr 2000 per daa ved systematisk grøfting, og kr 30 per løpemeter grøft ved anna grøfting, dvs. avskjeringsgrøfter og (tilfeldige) grøfter for å drenere mindre parti på jordet.

Kontaktperson i kommunen
Mandy Häger, jordbrukssjef, tel 70 24 67 10,
mandy.hager@sykkylven.kommune.no

Info 
Web Redaktør 22.03.2019 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]