Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Brukarundersøkingar i Sykkylven kommune

¤EPII_TITLE¤ Sykkylven kommune gjennomfører no fleire brukarundersøkingar for å utvikle kvaliteten i tenestene sine.

Vi håper på god oppslutning om undersøkingane.
I Sykkylven kommune er det mange som får gode tenester kvar dag. Samtidig arbeider med med korleis vi kan bli endå betre, innafor dei økonomiske rammene vi har.

Korleis kan vi sikre best mulig grunnlag for å vurdere kva som skal prioriterast? Kva resultat og kvalitet kan vi forvente oss i kommunen?

Vi ønskjer auka kunnskap om status i tenestene, om kvalitet og kva ein får til og ikkje får til. Alle einingar i kommune har utarbeidd målbare mål innafor sine fagområde. Eit ledd i dette arbeidet er å få gjennomført ulike brukarundersøkingar, der vi er opptatt av å få innbyggarane sine synspunkt og erfaringar. Vi håper difor at du som motta ei slik undersøking, vil hjelpe oss med å gi tilbakemeldingar til kommunen. Dette vil vere viktig for kommunen sitt vidare strategiske arbeid. Resultatet vil også kunne gi folkevalde eit betre grunnlag for å avgjere korleis dei ønskjer å prioritere.

Fleire undersøkingar er allereie sendt ut. Dette er til brukarar av SFO (skulefritidsordning), introduksjonsprogrammet for flyktningar, om byggesakshandsaming, pårørande ved BUAS, dei som tek imot tenester frå barnevern og brukarar av heimetenestene. Vidare går desse undersøkingane ut no; til brukarar av helsestasjonen og tilpårørande til brukarar i bu- og rehabilieringstenestene. Ei større innbyggarundesøking som dekker heile det kommunale tensteomrdådet, omdøme, kommunen som stad å bu og tilliten til lokaldemokratiet, kjem også i løpet av våren.

Undersøkingane er levert av bedrekommune.no, som Kommunenes Sentralforbund (KS) står bak. I dei fleste undersøkingane vert det sendt ut spørjeskjema med påført passord og web-adresse der ein kan logge inn og svare elektronisk. Vi ønskjer sjølvsagt at dei fleste svarer elektronisk, med det er også mogleg å fylle ut papirskjemaet og sende det inn.
Ved ei undersøking vert det brukt intervju. Der er det personar om ikkje er knytt til tenesta som utfører intervjua.

Det er ialt 990 skjema som er sendt ut til no. Nokre er kanskje brukarar av fleire tenester og mottek fleire skjema. Vi håper så mange som mogleg tek seg tid til å gi si tilbakemelding. Undersøkinane er heilt anonyme.



Info 
Skjeret, Torill Olin 25.04.2019 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]