Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Barne- og familietenestene Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Opning av Haugbukta dagsenter

¤EPII_TITLE¤ Ullavik dagsenter har flytta til nye lokale i underetasjen av helse og sosialsenteret. I same høve skifta dei namn til Haugbukta dagsenter.
Det var stolte brukarar av dagsenteret som stod for snorklipping og opning av senteret, saman med ordførar. Fleire andre gjestar var og inviterte.
Det er ikkje på grunn av at vi var misnøgde med dei gamle lokala at vi har flytta, seier Merete Søvik. Årsaka var at Ullavik skule må ha større plass.
Likevel er det svært postivt for oss å flytte. Lokala er meir tenlege både for brukarane og dei som arbeider der. Vi er svært stolte av dei nye lokala,
og vi ynskjer og håper at andre einingar i kommunen også kan kome og bruke lokala. Det "nye" dagsenteret inneheld ulike sanserom som gir stimuli på ulike måtar,
desse romma hadde vi og i Ullavik men dei har no blitt større og betre.
Ein anna gevinst for oss etter at vi flyttar er at no blir det lettare for oss å besøke sentrum, og for andre å ta ein tur innom.

Merete Søvik og Laila Grebstad
Fotograf: Web Redaktør

Merete Søvik og Laila Grebstad Merete Søvik og Laila Grebstad fortalde oss kor kjekt det var med nye lokale.
Info 
Web Redaktør 16.01.2009 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]