Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblinger Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Viltforvaltning

Viltforvaltning vil seie å styre/forvalte vilt og dei områda der viltet held til.
Viltlova og Naturmangfaldlova omfattar alle landdyr, med unntak av sjøpattedyr (sel og kval). Viltlova sitt grunnleggande prinsipp er å bevare produktiviteten og mangfaldet av viltartar.
Naturmangfaldlova sitt grunnleggande prinsipp er at ein skal ta vare på naturen ved biologisk, landskapsmessig og geologisk mangfald.
Den økologiske prosessen skal takast vare på ved berekraftig bruk og vern, slik at det også gir grunnlag for menneskeleg verksemd, kultur, helse og trivsel, no og i framtida.

Dei seinare åra har trenden i norsk naturforvaltningspolitikk generelt og viltforvaltning spesielt vore styrking av det lokale ansvar og mynde. Ansvar og mynde er såleis flytta frå Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvaltning til fylkesmennene og vidare til kommunane.
I tillegg til å gje myndigheiter, organisasjonar, bedrifter og personar hjelp, råd og rettleiing i saker om viltforvalting, skal kommunane også ivareta viltinteressene såleis:

1) som ein viktig del av det biologiske mangfaldet gjere bruk av viltkart og ulike planverktøy. Synleggjere viltinteresser i ulike avgjerdsprosessar. Prioritere og ta vare på trua artar og arten sitt nøkkelområde.
2) gjere rettshavarane ansvarlege i forvaltning av dei utnyttbare viltressursane. Dette gjennom ei god organisering med bestandsplanar som viktig verkemiddel.
3) Arbeide for ein balansert hjorteviltbestand i høve til stammen sin kvalitet og kapasitet i området, andre samfunnssektorar og det biologiske mangfaldet.

Sykkylven har ein stor bestand av hjort som vert forvalta av grunneigarane gjennom eigne storvald.
Kommunen kan by på storslått natur for småviltjakt, men bestanden av rype, orrfugl og hare er ikkje av den tettaste. Intersport på Aure sel kort for småviltjakt.

Ved spørsmål kring viltforvaltning i Sykkylven kommune kan ein kontakte fagansvarleg for vilt Karl Johan Stadsnes.




 

Info 
Web Redaktør 31.03.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]