Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Barne- og familietenestene Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Allaktivitetshuset Fønix tek form

¤EPII_TITLE¤ Sykkylven Frivillegsentral har teke initiativet til opprettinga av allaktivitetshuset Fønix. Det er tidlegare Konfeksjonsfabrikken Fønix som i desse dagar vert sett i stand for å gje plass til menneske i alle aldrar som vil kome saman rundt ulike aktivitetar.

Inititativet til tiltaket kom frå nokre av dei faste hjelparane i Frivillegsentralen, med Svein Johansen i spissen. Svein er ein framifrå handverkar og lagar mellom anna velforma knivskaft. Han opplevde at både unge og eldre vart nysgjerrige på handverket og gjerne ville utfalde seg med skapande handarbeid sjølve. Det var slik ideen om eit allaktivitetshus kom til. I dette huset ser Svein og dei andre friviljuge medarbeidarane for seg at menneske i alle aldrar som vil lære ein hobby kan få kome og hente inspirasjon og kunnskap. Marit Winsrygg på Frivillegsentralen har eit stort nettverk av friviljuge ressurspersonar som både vil gje av tida si og av kunnskapane sine for å skape ein meiningsfull møteplass for sykkylvingar i alle aldrar.

Dei som har farta forbi Fønix-fabrikken like ved kommunehuset dei siste månedene vil ha sett at det har skjedd endringar med bygget. Vindauga er skifta ut og det er laga ein rampe langs eine veggen slik at rullestolbrukarar med lettheit skal kunne ta seg inn i lokala. Inne er det lagt nytt tak, nye veggar er i ferd med å kome på plass. Det som står att før lokala kan opnast og takast i bruk er montering av tekniske installasjonar i toalett- og kjøkkenavdelinga og finpussen i innreiinga. Alt arbeidet vert utført på dugnad, og Marit Winsrygg kan ikkje få fullrost dei friviljuge som har lagt ned mange timar i oppussinga av dei gamle fabrikklokala. Ole Gjemsø har hatt oppgåva som dugnadsleiar, og saman med byggleiar Asbjørn Stave, er det nok Ole som har nytta flest timar for å få sett i stand lokala. Det er elles fleire friviljuge organisasjonar som har stilt med arbeidshjelp, og det har vanka rause pengegåver til prosjektet.

No vert det innspurt i oppussinga. Vona er at allaktivitetshuset Fønix skal kunne opnast før påska 2007. Då vil det bli liv og røre i lokala både tidleg og seint, og unge og vaksne vil ha fått ein etterlengta møteplass midt i Sykkylven sentrum. Før vi kjem dit skal huset fyllast med innhald. Har du ein ide om ein aktivitet, eller har du lyst til å vere med på ein eller annan måte i allaktivitetshuset, ta kontakt med Marit i Frivillegsentralen.

Eldar Høidal
leiar i prosjektgruppa for allaktivitetshuset Fønix

Info 
Web Redaktør 02.01.2007 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]