Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Barne- og familietenestene Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Internasjonal kveld med god mat og mykje latter.

¤EPII_TITLE¤ 55 personar frå 20 forskjellige nasjonar var samla til fest på Tryggheimsalen onsdag 18. april.
Dette er ein god og lang tradisjon ved Vaksenopplæringa, til glede for både deltakarar og tilsette

Alle hadde med seg mat frå heimlandet sitt, så det vart eit fargerikt fellesbord med spennande og velsmakande mat.

Etter måltidet hadde vi presentasjon av alle deltakarane. Der fekk vi små smakebitar av korleis dei mange ulike språka lyder. Nokre songar og dikt fekk vi også høyre. Fem år gamle Sodabe frå Afghanistan kunne synge ”Bæ, bæ lille lam”på norsk. Den hadde ho lært i barnehagen.

På programmet var det sjølvsagt allsong med gode, gamle norske vårsongar og lysbilete frå skidag på Fjellsetra og dagleglivet på skulen. Kvelden vart avslutta med hennamaling frå Somalia. Mange av damene kom heim med bilete på armen den kvelden!

Denne festen er ein fin sjanse til å knytte kontaktar på tvers av grupper og nasjonar. Vi unner fleire å vere med på liknande fargerike møte mellom folk og kulturar!

Hennamaling
Fotograf: Redaktør Redaktør

Julia Eggen frå Russland får dekorert armen med hennamaling av Hawo Raage frå Somalia.    Tekstframføring på eige morsmål
Fotograf: Redaktør Redaktør

Her har Hilde Straumsheim fått fram Watcharaporn (Thailand), Rose (Filippinene) og Meta (Indonesia) for å framføre tekstar på eige morsmål.

Info 
Web Redaktør 26.04.2007 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]