Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Sykkylven kommune skårar høgt på "ByråkratiBarometer 2012"

¤EPII_TITLE¤ Sykkylven kommune kjem ut med god skår samanlikna med dei fleste andre kommunar i landet i kommunane sitt "ByråkratiBarometer" for 2012. Kommunen er rangert på plass nr 62 av alle kommunane i landet. Kun 3 kommunar i Møre og Romsdal er rangert høgare og to kommunar i Sogn og Fjordane.
"ByråkratiBarometer 2012" tek føre seg 5 variablar for å kunne rangere dei norske kommunane etter kor mykje/lite ressursbruk som vert nytta til administrasjon av tilgjengelig ressursar. Sykkylven kommune kjem svært godt ut i denne rangeringa. Det er gjort nokre endringar i oppsette frå 2011 slik at tala og plasseringane ikkje er heilt samaliknbare. Men følgjande kriterie er vurdert med bakgrunn i KOSTRA-tal for 2011:
  • Lønnskostnader til administrasjon per innbyggjar
  • Andel netto driftsutgifter i kommunen nytta til administrasjon og styring
  • Avtalte årsverk i administrasjonen i prosent av innbyggjartalet
  • Andel av samla kommunale årsverk avtalt innan administrasjon
  • Lønskostnader til politisk styring per innbyggjar

I Møre og Romsdal er det berre Ålesund, Kristiansund og Fræna som har betre rangering enn Sykkylven. Statistikken viser at vi har hatt ein nedgang i andel % årsverk frå 2011 til 2012. Av dei 100 best rangerte kommunane er det berre 10 stk som har ein lågare andel adm.årsverk i % av innbyggjartalet. Tabellen viser også at Sykkylven kommune brukar mykje på løn/godgjersle til politisk styring. Av dei 120 best rangerte kommunane er det berre 2 som brukar meir til politisk arbeid per innbyggjar enn det Sykkylven gjer.

Barometeret seier ingen ting om kvaliteten på administrasjonstenestene som vert levert.

Undersøkinga kan lesast her:http://nyanalyse.no/filer/BB_2012.pdf

Ein hovedkonklusjon på denne undersøkinga seier at Sykkylven kommune brukar mindre midlar til administrasjon enn svært mange andre kommunar, men nyttar meir midlar til politisk arbeid enn mange andre kommunar.

Info 
Web Redaktør 14.08.2012 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]