Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Skjønnet for lysløypa på Fjellsetra avslutta

¤EPII_TITLE¤ Sunnmøre Tingrett har slutta dom i sak om erstatning for grunn til lysløype for langrenn på Fjellsetra. Grunneigaren som hadde stevna kommunen nådde ikkje fram med sitt krav og vart tilkjend ei erstaning på kr 5, pr. kvaderatmeter. Dei øvrige grunneigarane hadde tidlegare inngått friviljug avtale med kommunen til ein pris av kr 8,- pr. kvm.
Etter mange års arbeid og forhandlingar oppnådde Sykkylven kommune avtale med 9 av 10 grunneigarar om å avstå grunn til lysløype for langrenn på Fjellsetra til ein pris av kr 8,- pr. kvm. Dette gjorde at ein slapp å gjennomføre ekspropriasjon av den delen av løypetrasen som var eigd av desse grunneigarane. For den siste grunneigaren kom ein ikkje fram til semje om pris for avståing av grunn og kommunen gjorde vedtak om å ekspropriere denne delen (1005 kvm.). Kommunen fekk i 2011 godkjendt av Fylkesmannen at ein kunne ta arealet i bruk, og den 27.08.12 avgjorde skjønnsretten at grunneigaren skulle få ei erstatning på kr 5,- pr. kvm. Dette inneber ei lågare erstaning enn det grunneigarane som inngjekk friviljug avtale fekk. Partane har frist på seg innan 3 veker dersom ein vil anke avgjersla.

Opparbeidinga av lysløypa er i full gang, og ein reknar med at den vil bli klar til bruk til vinteren.
Info 
Webredaktør 12.09.2012 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]