Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

5-års treff på Slettegjerde

¤EPII_TITLE¤ Tradisjonen tru møttest alle 5-åringane i Sykkylven på Slettegjerde den 18. september.
Alle 5-åringane har i regi av "den sykkylvske barnehage" eit hausttreff og eit vårtreff på Slettegjerde kvart år. Hausttreffet er første møte og kvar barnehage har ansvar for ein aktivitet. Potetløp, ball i bøtte, pil og boge, snekring, dans og endå fleire aktivitetar står på programmet denne dagen. I Trollskogen kan ein vente å treffe troll, men i år var det hekser som møtte oss etter den lange motbakken opp til skogen.Heksene trengte hjelp for sekkane deira med ingrediensane til heksesuppa var borte. Det var ingen sak for 5-åringane, dei leita og fann. I heksesuppa var det alvehår, slangeskinn, edderkopp, spaghetti frå i fjor, eit auge og mykje anna rart. 5-åringane fekk hjelpe til å røre i den store gryta og merkeleg nok, takka alle  nei til å smake. Dei var med på synge heksesangen som trengst for å gjere klar suppa, men var nok glade for at menyen på Slettegjerde var pølser og saft.


Barnehage - Slettegjerde 1
Fotograf: Kristin Dyrkorn  Barnehage - Slettegjerde 2
Fotograf: Kristin Dyrkorn  Barnehage - Slettegjerde 3
Fotograf: Kristin Dyrkorn 
Info 
Web Redaktør 19.09.2012 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]