Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

VINNAR AV IDÉKONKURRANSE FOR SYKKYLVEN SENTRUM

¤EPII_TITLE¤ Konkurransejuryen har avgjort at 1.pris går til forslaget "Med hjartet på rette staden" og 2.pris til "Sentrumsglede".

Juryen meiner det ligg eit stort potensiale i eksisterande kvartalsstruktur og i ei naturleg forlenging av denne mot sjø slik at sentrum på sikt tek tilbake den nære kontakten med sjøen som tidlegare prega bybildet.

Juryen har funne det vanskeleg å konkludere med berre eitt vinnarforslag. Ut frå ei vurdering av overordna grep sett i ei langsiktig tidsperspektiv og som grunnlag for ny regulering av sentrum, samlar juryen seg om «Med hjartet på rette staden» som det beste og mest gjennomarbeida forslaget.

Ut frå ein meir prosessorientert synsvinkel, der ein fokuserer på engasjement, inspirasjon og aktivitet, meiner juryen at «Sentrumsglede» også skal premierast.

Juryen for idékonkurransen har avgjort følgjande:

1.pris Med hjartet på rette staden kr 100.000,- til Dronninga Landskap i samarbeid med Arkitektfirmaet C.F. Møller, ZENISK og Vista Analyse.

2.pris Topp Torg (Sentrumsglede) kr 50.000,- til Lala Tøyen (tidlegare Lalaland) i samarbeid med Pir II og NIBR.

Juryen si vurdering og grunngjeving går fram av eigen juryrapport, sjå lenke til høgre på sida. 

Vinnarbidraga er tilgjengeleg
på kommunen si heimeside under Skaparglede-logoen til venstre på sida.

Info 
Hoftun, Njell 25.09.2012 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]