Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Musikkfestdagar i Sykkylven 21.-23.sept.

¤EPII_TITLE¤ Sykkylven musikkråd inviterar til fleire flotte arrangement og stor musikalsk aktivitet i helga.

Sykkylven Musikkråd trør i haust til med ein nyskaping dei kalla Musikkfestdagar.

Dette er ei fornying av den gamle song og musikkdagen som var ein tradisjon i Sykkylven frå langt tilbake på 1950 talet. Vi ynskjer gjennom musikkfestdagane å by på musikk i mange sjangerar og for alle aldersgrupper samtidig som det lokale musikklivet skal vere sterkt representert. Vi har også eit sterkt fokus på dei unge talenta som er å finne rundt om i kommunen vår, og gir dei både ei scene og ny inspirasjon gjennom konsertar og woorkshop.

Fredagen kl. 19.55 arrangerer Galleri Cylindra Jazzkveld i lokale sine i Tusvika. Her deltek Blue Horn Jazzband med Peter Opsvik og Margrethe Velle Ødegård.  Åge Lade med bassisten Lars Martin Vik, og Kristina Roth Kurseth med pianist Askjell Molvær. Her er det dessverre alt utselt for billettar.

Laurdag formiddag i sentrum kl.11.00 – 14.00 stiller vi med telt og mobilscene i Auregata og her underheld; Saft Suse, Seniordansarane, Sykkylven skulekorps, Straumshorn /Velledalen skulekorps og Sykkylven janitsjarorkester, Unge talent som t.d. Emma Olin Eikrem og Viktor Ystenes Fauske,.

Sykkylven skulekorps og Hundeidvik blandakor vil selje mat og kaffi i kafèteltet, og fleire frivillege organisasjonar vil presentere seg med stands eller presentasjon frå scena. Vi håper på stor oppslutning og godt ver J

Laurdag kveld på Kulturhuset kl. 19.00 – 22.30 held Hanne Kolstø og gitarist/produsent Øyvind Røsrud Gundersen Konsert og woorkshop etter ein oppvarmingskonsert med lokale band og artistar. Vi kallar dette arrangementet «Møt Artisten» og inviterar etter konserten alle interesserte til ein samtale med Hanne og produsenten av plata hennar om låtskriving, plateproduksjon og karrierebygging for artistar i startgropa.Hanne kjem også med ei rykande fersk plate ( Flash Black ) den kom ut 14.september og har fått strålande kritikkar..

Sykkylven janitsjarorkester stiller som teknisk arrangør og driftar kafè/kiosk heile kvelden. Dette er eit rusfritt og GRATIS arrangement spesiell tilrettelagt for ungdom, men opent for alle.
Sponsa av; GJENSIDIGE FORSIKRING , SPAREBANKEN MØRE OG SYKKYLVEN MUSIKKRÅD.

Laurdag kveld på Verkstaden Bistro kl. 21.00 held Steinar Raknes ein solokonsert (vokal ogkontrabass) basert på hans nye plate «Stillhouse» Etterpå swingar Sykkylven storband med vokalist Kristina Kurseth opp med dansbar musikk. Billettpris kr. 150,- dekker heile kvelden.

Søndag kl. 11.00 er det Gudstenester i begge kyrkjene våre, og her bidreg Credo Brass/vokalI Sykkylven kyrkje og Hundeidvik blandakor i Ikornnes kyrkje.

Søndag kl. 19.00 på Sykkylven kulturhus vert det Grand Finale med festkonsert med mykjegod song og musikk frå: Sykkylven blandakor, Hundeidvik blandakor,Sykkylven janitsjarorkester, visegruppa «Øss tre», Per Flaaens orkester og unge talent som; Sonia Hjelle (vokal og gitar) og Mathea Strømmegjerde( trompet)med Askjell Molvær på piano.  Inngangsbillett er kr. 100,- Men så set vi fram eit stort GRATIS kakebord.

Sykkylven musikkråd er veldig kry av det gode og aktive musikklivet vi har i kommunen, og er glade for å kunne invitere til desse MUSIKKFESTDAGANE. Vi trur dette vil gjere bygdefolket meir merksame på det alt fine som musikklivet vårt har å by på og skape ekstra «goodwill» for det arbeidet laga gjer for musikken og lokalsamfunnet.

SYKKYLVEN MUSIKKRÅD

Info 
Åge Brigt Frøystad 21.09.2012 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]