Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Tekniske tenester Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Aksjon bustadbrann - røykvarslarens dag 1. desember

¤EPII_TITLE¤

Aksjon bustadbrann er ein landsomfattande informasjonskampanje som blir arrangert av det lokale brannvernet, Gjensidige, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap og Norsk brannvernforening.

Målet for Aksjon bustadbrann er å sette eit massivt søkelys på brannsikkerheita i dei private heimane og sette fokus på røykvarslarens dag 1. desember.

Det er ikkje tilfeldig at dette skjer i desember. Dette er normalt er den verste brannmånaden i året og da ser vi ofte ein auke i talet på bustadbrannar.

Sykkylven brann og redningskorps vil fire fredagar før jul gå frå dør til dør for å informere om branntryggleik, dele ut informasjons materiell, sjekke røykvarslarar og eventuelt skifte batteri samt sjå på sløkkemateriellet i bustaden. Gjermund Eidem brannmeister i Sykkylven brann og redningskorps, understreker at aksjonen og besøket ikkje er meint som nokon kontroll, men skal være ei bevisstgjering rundt temaet brannsikkerheit. Dette er eit gratis tilbod og det er huseigaren sjølv som avgjer om dei vil ha besøk. I år har vi valt ut Aursneset, Fauske og innover mot Ullavika, eller so langt vi rekk på dei fire fredagskveldane.

På denne måten håper vi at det vert sett fokus på kor viktig det er at spesielt røykvarslarane fungerer, at folk verkeleg sjekkar at dei fungerer og byter batteri årleg. Er ein godt dekt opp med mange røykvarslarar så får ein eit tidlig varsel. Sjølv midt på natta når alle ligg og søv så kan dei kome seg i sikkerheit dersom alarmen går. Det vil også vere god sjanse å sløkkje eit tidlig branntilløp.

Informasjonskampanjen vert gjennomført fredagskveldane frå og med i dag 23. november til og med 14. desember mellom kl 18 og 20. Lokalt er det Sykkylven Gjensidige Trygdelag som støttar aksjonen med gratis røykvarslarbatteri.

Info 
Web Redaktør 23.11.2012 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]