Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Tekniske tenester Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Forsterking av Aure Gamle Bru. Varsel om stenging

¤EPII_TITLE¤ Arbeidet med å forsterke Aure gamle bru startar måndag 3. desember. Dei første dagane vil verte brukt til legge om vassleidninga som er festa til brua. Men frå og med onsdag 5. desember, ettermiddagen, må ein rekne med at brua vert stengt for all trafikk. Merk at dette også vil gjelde gåande !

Stenginga vil vare så lenge arbeidet pågår. Dette er stipulert til 15 veker.

Arbeidet vil i korte trekk gå ut på å etablere to nye tersklar på kvar side med «nedbanking» av trykkpelar som fundament for etablering av ny elementbru av prefabrikkerte betongelement. På desse elementa vert det så støypt ein ca 250 mm tjukk påstøyp og kantdragar. Ferdig utbetra vil brua få ei køyrebane på ca. 6 meter og med eit tilhøyrande fortau på austsida (oppsida) på ca. 2,8 meter. Brua vil få nytt rekkverk på begge sider. Arbeidet er kostnadsrekna til ca. kr 2,6 millionar. Utførande entreprenør vil vere Brekke Byggentreprenør AS.

Info 
Web Redaktør 30.11.2012 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]