Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Tekniske tenester Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Registrering av uregistrert veggrunn i Sykkylven kommune

¤EPII_TITLE¤ Med heimel i matrikkelforskrifta § 69 jf. Veglova § 5, vil Sykkylven kommune opprette matrikkeleiningar på kommunale vegar som ikkje har gards- og bruksnummer innan utgangen av 2012.
Etter at matrikuleringa er gjennomført vert alle aktuelle partar varsla om føringa. Jf. matrikkellova § 46 kan slik føring i matrikkelen påklagast. Klagefristen er 3 veker etter mottatt varsel om føring. Fylkesmannen er klageinstans for saker etter matrikkellova men eventuell klage skal sendast til kommunen.

Registrering av umatrikulert veggrunn

I Sykkylven kommune finst det framleis veggrunn som ikkje er registrert med eigar i det offentlege eigedomsregisteret, matrikkelen. Dette arbeidet skal gjennomførast innen utgangen av 2012.

Ny lov om eigedomsregistrering

I samband med innføring av ny lov om eigedomsregistrering er det etablert ei overgangsordning for registrering av uregistrert grunn til offentleg veg og jernbane, sjå matrikkelforskriften §69:

Hovudregelen og krav

"Eksisterende umatrikulert grunn som nyttes til offentlig veg eller jernbane, kan matrikulerest uten at det avholdes oppmålingsforretning. Dette kan skje dersom den som hevder å være eier av enheten setter frem krav om det, og matrikuleringen er fullført innen 31. desember 2012."

Erklæringar om å vere eigarar av areala som vert omfatta av denne ordninga er gitt av:

Sykkylven kommune

Møre og Romsdal fylkeskommune

Statens vegvesen

Ingen grenser vert endra

Ingen teiggrenser/eigedomsgrenser vert endra endra som følgje av dette arbeidet.

Vegareala vil kun få tildelt gards- og bruksnummer og eigarar i matrikkelen.

Matrikkelbrev vert ikkje utskrivne , og dei matrikulerte einingane vert ikkje tinglyst, jf. Matrikkellova § 24, 5.

Registreringar går føre seg over heile landet.

Arbeidet med denne type registreringar går føre seg over heile landet no. Involverte partar vert varsla via bl.a. kunngjering og via nettsidene til kommunene.

Ta kontakt for meir informasjon.

Ta kontakt med verksemd Kart og oppmåling i Sykkylven kommune om du har spørsmål om denne registreringa. Dei kan gi meir informasjon.

Ingen teiggrenser/eigedomsgrenser vert endra som følgje av registreringa. Om det likevel er aktuelt med klager på matrikkelføringane, opplyser vi om at det er tre veker klagefrist etter kunngjeringa (jamfør forvaltningslova).


Kart

Vegliste

Dato kunngjort: 11.12.2012
Info 
Web Redaktør 13.12.2012 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Relaterte - alle gruppert [2] 
Rediger 
Uten navn [4]