Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Nyttårskonserten 2013 i Sykkylven kyrkje

¤EPII_TITLE¤ Søndag går det 13.nyttårsprosjektet til Sykkylven musikkråd  av stabelen.

Sykkylven musikkråd kan for 13.gongen invitere til Nyttårsprosjekt med seminar og Nyttårskonsert i helga.

Musikkrådet har tre hovudmålsettingar med Nyttårsprosjektet. Den første er å vere ei inspirasjonshelg for alle aktive musikarar i bygda gjennom interessante seminar og samarbeid på tvers av etablerte musikklag. Og kanskje kan vi inspirere nokre av dei som i dag ikkje er aktivte til å leite fram instrumentet sitt igjen og delta, og kanskje kome med i det organiserte musikklivet i framtida.

Det andre målet vårt er å trekke fram flotte solistar frå eigne rekker som enten er under utdanning i musikk eller har markert seg som artist eller gått inn i eit yrke som musikar.

Og det tredje målet med Nyttårsprosjektet er sjølvsagt å gi publikumet vårt ein knallstart på det nye året med ein festkonsert av dei sjeldne.

Konserten vert ei variert forestilling med flotte korpsstykke med innslag av både klassisk og jazz, og sjølvsagt noko henta frå dei tradisjonsrike nyttårskonsertane frå Wien.
Vi får høyre flotte solistar saman med både korpset og med piano/orgel akkompagnement.
Og korsong, berre i ein litt ny form.

Konsertkorps
For den 13. nyttårskonserten har vi invitert inn enda ein av Rune Bergmann sine studiekammeratar frå musikkhøgskolen i Stockholm som musikalsk leiar for hovudkorpset.

Jon Terje Svendsen er ein mykje brukt korps og orkesterdirigent i Norge og Sverige og seier om seg sjølv;

Jeg har både under og etter min utdanning hatt gleden av å jobbe med mange ulike ensembler, fra fullt symfoniorkester til sinfoniettaer og korps, noe som har gitt meg erfaring innen veldig mange ulike stiler og uttrykksformer.

For meg har musikalsk bredde alltid vært veldig viktig. Å kunne hoppe fra en Mozartouvertyre, via en Count Basielåt, til Stravinskij og Zappa er utfordrende, men også enormt spennende. Jeg har også dirigert utallige konserter for barn og unge, noe som både er gøy og viktig i en tid da musikkbransjen virkelig trenger rekruttering i de yngste leddene.

Jeg har en sterk tro på at alle typer engasjementer, fra de største abonnementskonsertene til Astrid Lindgrenkonserter for de små er like viktige. Hvis jeg føler at jeg har klart å gi noe til musikere, publikum og komponist, mener jeg at jeg har lykkes.

Jon Terje Svendsen har leita fram mykje god og spanande musikk til nyttårskonserten, og er du ein tidlegare korpsmusikar eller spelar eit korpsinstrument og ynskjer å vere med på denne inspirasjonshelga saman med oss, er det berre å kontakte musikkleiaren.
I hovedkorpset spelar alle som er i ungdomsskulealder og oppover,

Juniorkorpset består av dei yngre medlemane frå skulekorpsa, og får på ny besøk av den eminente klarinettisten Erlend Eide. Han har også tidlegare vore med oss som instruktør og vil lede juniorseminaret. Erlend har sjølv sin korpsbakgrunn frå tida han bodde i Sykkylven og spela i Aure skulekorps og Lurlåt. Han har sidan utdanna seg til klarinettist og har spela både i Luftforsavarets musikkorps i Trondheim og ved Trøndelag teater. Ei tid var han aktiv saman med sitt folkemusikkorkester Yggdrasil som spela folkemusikk frå Balkan.

Han dirigerar i dag fleire korps i Trondheimsregionen. Han vil forberede ei flott konsertavdeling for juniorane våre, saman med Carlos Alberici som slagverk instruktør. Carlos bor i Ålesund og har lag erfaring som både korpsdirigent og lærar ved Ålesund musikkskule og Fagerlia vidaregåande. Han er ein aktiv musikar og spelar for tida også i Blue Horn Jazzband.

Som solistar ved årets Nyttårskonsert har vi med nokre spanande innslag;

Erlend Eide som kal instruere juniorkorpset vil også vere Klarinettsolist i eit knippe Benny Goodmanlåtar i «The King of Swing» saman med hovedkorpset, og også saman med Åge Lade på piano i den nydelege jazzballaden «Blue Walz».

Instrumentet Panfløyte er ikkje så vanleg å høyre på våre kantar, men

Vidar Hovden vil framføre ein sats frå Vivald`s fløytekonsert saman med korpset
og Pie Jesu i ein duett med Ingrid Kurseth på fløyte og Rose Iren Stave på orgel.
Vidar er til dagleg Adventist pastor i Ålesund, men bor i Sykkylven. Han er ofte også organistvikar i kyrkjene våre.
Vidar tok i yngre dagar undervisning hos den kjende panfløytisten Roar Engelberg.

For å vise at rekka av store songtalent frå Sykkylven ikkje stoppar med Stine Hole Ulla, så har vi invitert med oss enda ein talentfull ung songelev frå musikkskulen.
Emma Olin Hunhammer Eikrem vart i 2012 sendt vidare frå UKM mønstringa vår til fylkesmønstring i Ålesund. Ho vil framføre Maria Arredondo sin flotte song, «Himmel på Jord» saman med korpset.

KOR
Årets nyttårskonsert skil seg litt frå dei tidlegare ved at vi ikkje arrangerar korseminar.
Vi har i staden invitert inn ei vokalgruppe frå vårt distrikt.

Vokalgruppa Halv8
Den består av åtte songarar busett i og rundt Ålesund, med mange års erfaring frå diverse kormiljø som Ålesund kammerkor, Oslo kammerkor, SKRUK og Det norske kammerkor. Dei har eit variert repertoar med songar plukka frå eksempelvis The Real Group, Swingle Singers, Stevie Wonder, madrigaler m.m.
Med i gruppa er det også to Sykkylvingar; Halstein Vemøy og Eivind Busengdal.
Dette er eit noko annaleis kor enn det vi er vande med på nytårskonsertane, men vi er sikker på at dette vert ei oppleving å høyre på.

Vi håper at kyrkja igjen er fullsett med spente publikumarar når øvingane våre er ferdige på søndagen og alt er klart for årets Nyttårskonsert.

Helsing Sykkylven musikkråd

og musikkleiar Åge Frøystad





For deltakarane legg vi her ut øvingstidene for helga:

Tysdag 08.januar kl. 19.00-21.30 Oppstartsøving for hovedkorpset.

( utdeling av notar og gjennomspeling)   på Sykkylven kulturhus;

fredag 11.januar kl.18.00 - 21.30 seminar for Hovedkorps med Jon Terje Svendsen på Kultrurhuset

fredag 11.januar kl. 18.00 - 20.30 seminar for juniorkorps med Erlend Eide og Carlos Alberici  på Kulturhuset

Laurdag 12.januar kl. 10.00 - 17.00 semeinar for hovedkorps med Jon Terje Svendsen på Kulturhuset

Laurdag 12.januar kl. 10.00 - 15.00 seminar for juniorkorpset med Erlend Eide på kulturhuset

Søndag 13.januar kl. 11.00 - 16.00 øving Hovedkorps i Kyrkja

Søndag 13.januar kl. 14.00 - 17.00 øving juniorkorps i kyrkja

Søndag  13.januar kl. 18.00  Nyttårskonsert i Sykkylven kyrkje

Info 
Åge Brigt Frøystad 07.01.2013 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]