Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Snart UKM i Sykkylven

¤EPII_TITLE¤ Ungdommens kulturmønstring på Sykklven kulturhus 2.februar.

Ungommens Kulturmønstring

I SYKKYLVEN

 

Er du mellom 10 og 20 år?  Og har ein hobby?

Meld deg på til Ukm på Sykkylven kulturhus den 2. februar.
Påmeldingsfrist er 28.januar.  Bruk internett www.ukm.no

 

Som alltid legg vi alt tilrette for at du og dine venner kan presentere det de har av musikk, dans, idrett, sykkel-triks, drama, standup, video, foto, biletkunst, kunstinstallasjonar og handarbeid  o.s.v..  

Men for at vi skal vere godt forberedt på dine behov er det viktig å melde seg på tidlegast mogeleg.
På Kulturhuset har vi alt nødvendig utstyr av lyd, lys, storskjerm, videokanonog utstillingsplass, og vil strekke oss langt for å gi din presentasjon ei perfekt ramme.

Hugs at tidsramma for sceneinnslag er 5 min. Det same gjeld for videofilm, medan teaterinnslag kan vare inntil 10min. Om tida strekk til kan det opnast for at enkelte får framføre to innslag.
Ingen vert utstemt frå UKM, og ingen kan kallast tapar. Alle er i så måte vinnarar ved å stille opp i mønstringa, og vi gir kvar enkelt ei positiv og konstruktiv tilbakemelding om deltakinga.

Juryen vår vil i tillegg velge ut nokre innslag som vi vil sende til fylkesmønstringa, som viser variasjonen mellom dei ulike typene av innslag frå vår mønstring.

Fylkesmønstringa skjer i Sunndal 19. til 21.april. Herifrå vert deg også sendt nokre innslag til Landsmønstringa i Larvik i juni. No kalla UKM festivalen.  Men alt dette er berre biprodukt av UKM.

 

Det mest vesentlege i heile UKM systemet er vår lokale kulturmønstring og DITT innslag frå scene eller utstilling.

Ver snar og meld deg på, og ta gjerne kontakt med Musikkleiar Åge Frøystad om du har spørsmål, eller om du har lyst til å vere vår journalist, programleiar medhjelpar ved arrangementet på eit eller anna vis.
Dette skal vere ungdomskulturen sin kveld frå start til slutt.


Bruk internett for påmelding: www.ukm.no eller kontakt musikkleiar Åge Frøystad ved kultureininga om du har spørsmål. tlf; 70246752 / 40471441 eller e-post; age.froystad@sykkylven.kommune.no

                                                                                 

Info 
Åge Brigt Frøystad 09.01.2013 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]