Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Lyser ut bulystmilionar

¤EPII_TITLE¤

Det er klart for fjerde og siste runde med bulyst-midlar. Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) lyser ut inntil 35 millionar kroner til prosjekt som kan skape bolyst i distriktskommunar.

Eit viktig mål i distrikts- og regionalpolitikken er at alle skal ha reell fridom til å bu der dei vil. Eit verkemiddel for å få til dette er å skape attraktive lokalsamfunn. Departementet lyser ut inntil 35 millionar kroner for 2013. KRD kan dekkje inntil 50 prosent av prosjektkostnadane. Dette er det siste året med bulystsatsing.

Søknadsfrist er 8.mars 2013.

Ungdom, tilflytting og integrering

Det er tre tema som vil bli prioritert når ein skal gå gjennom søknadsbunken:

  • Inkludering av innvandrarar i distriktsområda.
  • Utviklingsprosjekt retta mot ungdom.
  • Tilflyttingsprosjekt.

Andre tema, med god distriktspolitisk grunngjeving og som har god lokal og regional forankring, vil også vere aktuelle for støtte.

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som behandlar sakene og leverer innstilling til Kommunal- og Regionaldepartementet.

Kven kan søkje?

Kommunar, organisasjonar og private verksemder med konkrete prosjekt som kan bidra til bolyst kan søke.

Kommunar og lokalsamfunn med særskilte utfordringar knytt til folketalsutvikling og næringsstruktur vil bli prioritert.

Døme på prosjekt i Møre og Romsdal som har fått bolyst-støtte i perioden 2010-2012:

- Inkludering og integrering av arbeidsinnvandrarar, Herøy kommune (2012)

- StudiebygdA - kompetanse- og kulturklynga på Møre, Volda kommune (2012)

- Skaparglede, Sykkylven næringsutvikling (2011)

- Bridge over troubled water, kulturbasert tettstadutvikling, Averøy kommune (2011)

- Utvikling og styrking av naturgledekommunen Rauma som attraktivt bu- og arbeidsområde, Nordveggen AS (2010)

Her finn du meir informasjon og søknadsskjema 

Info 
Hoftun, Njell 29.01.2013 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]