Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Alt klart til UKM

¤EPII_TITLE¤ Ungdommens kulturmønstring på Kulturhuset laurdag.
Dørene opnar for utstilling og kafe kl. 17.00 og showet startar kl.18.00
Det er no mange påmelde til UKM på laurdag, og det ligg an til ei flott mønstring av ung kultur på kulturhuset.
Vi  har eit flott teknisk opplegg med god lyd og lysstyring og med storskjerm overføring frå "Greenroom" som er artistane sitt opphaldsrom under forestillinga. Her får vi stemningsrapportar og intervju undervegs.
Dei mange ungdomane som skal på scena er sjølvsagt spente på  kven som sit i salen når det heile startar, men vi håper alle at mange både unge og vaksne tek turen for å støtte dei og lage den rette stemninga i salen. Det vil også vere interessant å følge med på kva dei unge har å presentere av kulturinnslag og kunstuttrykk. I kunstutstilliga har vi i år to fotografar som stiller ut sine bilete. Sykkylven skulekorps held open kafe i vestibylen frå kl.17.00 og stiller elles mannskap som tekniske medarbeidarar under mønstringa. Som alltid har vi nokre modige ungdomar som tek seg av programleiar oppgåva, og eigen nettjournalist som fortløpande vil rapportere om allt som skjer via vår nettside ukm.no. 
Alle er hjarteleg velkomne til ein triveleg laurdag på Kulturhuset.
Info 
Åge Brigt Frøystad 01.02.2013 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]