Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Kulturpris til Stine Hole Ulla

¤EPII_TITLE¤ Under UKM på Kulturhuset sist laurdag fekk Stine Hole Ulla tildelt Sykkylven kommune sin kulturpris for 2012. Prisen vart utdelt av ordførar Petter Lyshol, og Sykkylven kommune gratulerar den unge prismottakaren.

Frå statuttane til kulturprisen i Sykkylven kommune heiter det:

"Prisen kan delast ut ein gong kvart år til einskildperson (ar) , lag eller organisasjonar i Sykkylvensom har markert seg med arbeid for å fremje det lokale kulturlivet. Med kulturprisen vil einkunne heidre personar eller lag som har synt ein særskild innsats for kulturlivet gjennom ei årrekkje eller som har gjort ein særleg fortenestefull innsats på eit avgrensa felt i ein kortare periode eller ved eit særskild høve".

Sykkylven kommune sin kulturprisen for 2012 går til:

Stine Merethe Hole Ulla, født 16.januar 1995

Prisen er eit DIPLOM og ein sjekk på kr. 15.000.

I Sykkylven har vi lange tradisjonar for song og musikk. Songtradisjonen har stått sterkt og på det meste har det vore 16 kor i Sykkylven. To av desse kora er no over 100 år og blant dei eldste i landet.

I dette landskapet kjem det av og til fram solistar som utmerker seg på ein heilt spesiell måte. Dette gjeld årets kulturprisvinnar. Ho starta starta tidleg å synge i barnekoret «Gospelklubben» i Ikornnes kyrkje. Noko seinare vart det deltaking i koret «Kor kjekt» i Sykkylven kyrkje. Her var ho med så lenge ho kunne og vart hjelpeleder. Seinare kom deltaking i lokale kor som Hundeidvik blandakor og Velledalskoret. No vart solistrolla stadig meir framtredande. Først med klassisk song på Ungdommens Kulturmønstring i Sykkylven.

Ho har vore solist på fleire store konsertar som t.d. Nyttårskonsert i Sykkylven i 2011, Evert Taube konsert i Molde i 2012, konsert med saman Indre Strøk i Ålesund og deltaking på Fjord Cadenza i 2011 på Skodje.

I 2011 vart ho ein av dei 7 ungdomane i Møre og Romsdal som vant Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping sitt Drømmestipend. Eit inspirasjonsstipend som skal ungdomen til satse vidare på musikken. Kulturskulen i Sykkylven arrangerte konsert og fest for Stine i juni 2011.

Seinare kom ho med i utviklingsprogrammet «Unge Musikere» ved institutt for musikk ved NTNU i Trondheim. Programmet gir spesielt talentfulle ungdomar i alderen 13-19 år profesjonell instruksjon og eit supplement til den undervisninga dei har i kulturskulen, vidaregåande skule eller privatundervisning. Ho har reist til Trondheim 2 gonger i månaden for å utvikle seg vidare som songar.

I kulturskulen i Sykkylven er det for tida Jostein Maude som er Stine sin songlærar.

I 2012 deltok Stine i konkurransen Norske Talenter på TV2. Her konkurrerte svært mange aktørar frå heile landet. Det var først audition, så delfinalar og til slutt finale. Delfinalane og finalen var direktesendingar og derfor svært krevjande for deltakarane. Konkurransen er ein kombinasjon av dommerpanel og stemmegjeving frå publikum. Stine gjekk frå den eine sigeren til den andre og rett til finalen der ho konkurrerte med to eldre og meir rutinerte utøvarar innan dans og visesong. Stine gjekk sigrande ut som første kvinnelege deltakar av dette programmet og med ei fantastisk gjennomføring av m.a. «O holy night». Vinnarpremien var på kr. 500.000.

Dette er ein eineståande prestasjon av ein ung utøvar på berre 17 år. Musikalsk framføring i særklasse med ei stemmeprakt som er sjeldan. Ho står fram som allereie rutinert og har handtert all logistikken i deltakinga på ein god måte.

Engasjementet har vore stort i Sykkylven – finalekvelden var det fullt på kulturhuset med overføring på storskjerm. Heile bygdefolket og ordførar Petter Lyshol har engasjert seg i konkurransen. Stine Hole Ulla har profilert Sykkylven på ein svært god måte og som vi ikkje har opplevd sidan «Bobbysocks» vant Eurovisjonen sin Melodi Grand Prix finale i 1985.

Juryen legg vekt på at Stine Hole Ulla har imponert og sjarmert det norske folk med god song i Norske Talenter, 2012. Ein siger i Norske Talenter er ein stor prestasjon.

Som ung 18-åring, så har ho vist veg og valgt klassisk songuttrykk. Ho søkjer ny kunnskap og ønskjer å bli enno betre ved å ta klassisk musikkstudium. Å bli god innan opera og klassisk song krev meistring, høg innsats og talent. Men Stine er på god veg og Sykkylven takkar for alle dei fantastiske songstundene i 2012 og ønskjer henne lykke til vidare.

Sykkylven, 2.februar 2013

Kulturpriskomiteen:

Ståle Eikrem

Jostein Grebstad

Halstein Kurseth

Info 
Åge Brigt Frøystad 05.02.2013 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]