Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Studie- /fagdag for barnehagehagetilsette, PPT og helsestasjonen på Kulturhuset 12.mars

¤EPII_TITLE¤ Kurshaldarane frå Sunndal kommune fortalde om Tidleg Tverrfagleg Innsats på fagdag for barnehagane.
Sunndal kommune ved Holten barnehage med styrar Ingeborg Johnsen, pedagogisk leiar Mari Hermo Rusti  og førskulelærar Oddbjørg Mæhle kom saman med Torill Aasen Gjerde frå helsestasjonen, Magnhild Erstad og Ruth Riise frå PPT til Sykkylven for å dele erfaringar med utviklingsarbeidet Tidleg Tverrfagleg Innsats. Dei fortalde om korleis dei møter nye barn i barnehagen. Det startar med heimebesøk og felles foreldremøte for nye brukarar. Dei yngste barna får eigen primærkontakt og ein legg vekt på omsorg, nærleik og tryggleik i møte med barn og foreldre. Barnehagen er sertifisert til å nytte eit skjema som tek føre seg den sosiale og emosjonelle utviklinga til barnet, ASQ-SE. Dette skjemaet fyllast ut av både foreldre og barnehage og er ein del av innhaldet i foreldresamtalane. Er det barn som foreldre eller barnehagen kjenner uro for, kan ein gjennom samarbeidsrutinane med resten av hjelpetenestene raskt kome i gang med tverrfagleg innsats.  Det er fire faste fellsmøte mellom barnehage og hjelpetenestene gjennom året. Det kan med foreldra sitt løyve bli gjort ei tverrfagleg vurdering av eit barn sitt hjelpebehov der ein med ulike blikk, kan sjå ulike sterke og svake sider i barnets utvikling.
Det tverrfaglege samarbeidet vart løfta fram som positivt for alle involverte, ikkje minst for det/dei barnea som har behov for hjelpetiltak for å støtte den sosiale og emosjonelle utviklinga.  Kursdeltakarane fekk mykje inspirasjon til vidare arbeid på eigne einingar.Slike dagar gjev eit løft for oss som tilsette, men og innspel vi skal arbeide vidare med i høve eigne system og rutinar både internt i barnehagen og i det tverrfaglege samarbeidet i eiga kommune.
Info 
Web Redaktør 21.03.2013 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]