Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Heimebasert omsorg Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Ferievikarar innan pleie og omsorg 2013

Kan du tenke deg ein sommarjobb i omsorgsyrket komande sommar? Då må du sende oss ein søknad no.

Vi ønskjer primært søkjarar som har fylt 18 år, men 17-åringar kan og søkje og bli vurderte dersom vi ikkje får nok søkjarar som har fylt 18.

Hovudferien blir avvikla i vekene 26 til 33, men det vil også vere eit visst behov for vikarar i vekene før og etter dette.

Vi treng vikarar for sjukepleiarar, fagarbeidarar og miljøarbeidarar som kan utføre praktisk arbeid innan pleie og omsorgssektoren. Dette gjeld heimetenestene, butenestene og Sykkylven bu og aktivitetssenter, BUAS (både reinhald, pleie og kjøkkenteneste).

For dei som søkjer sommarjobb i heimetenestene er det krav om førarkort.

Søknadssskjema finn du til høgre på denne sida. Dette må du fylle ut og sende oss.
Du må skrive kvar du ønskjer å jobbe, gjerne i prioritert rekkefølgje. Då kan vi lettast oppfylle ønska dine. Du må også skrive kva for periode du ønskjer å jobbe.

Løn i samsvar med utdanning og praksis, vi har eige studentregulativ for dei som er under høgskuleutdanning (som er relevant for jobben).

Kontaktpersonar:

Heimetenestene:
Solfrid H.Utgård, einingsleiar, tlf. 97 41 59 78

Butenestene:
Karoline Lied, einingsleiar, 98 49 81 70

BUAS:
For nattevakter: Wenche Oldeide, nestleiar BUAS, tlf. 48 14 52 59
For jobb på sone 1, Lillian K.Urtegård, fagleiar, tlf. 95 94 80 39
For jobb på sone 2, Hildegunn Lied, fagleiar, tlf. 95 94 73 61
For jobb på sone 3, Astrid H. Strømme, fagleiar, tlf. 99 22 74 66
For jobb på korttids-/rehab. og skjerma-avd., Jorunn K. Røyseth, fagleiar, tlf. 99 49 47 43
For jobb på kjøkkenet, Eli Hustad, fagleiar, tlf. 91 57 28 33

Søknadsfrist: 17. april 2013.

Info 
Web Redaktør 19.03.2013 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Relaterte - alle gruppert [2] 
Rediger 
Uten navn [4]