Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Orientering om legesituasjonen i Sykkylven

¤EPII_TITLE¤ Det har den siste tida skjedd fleire endringar som har positive verknader for legesituasjonen i Sykkylven. Rådmannen ynskjer å informere innbyggjarane om dette.
Frå i dag 3.april er det på plass ny lege ved Sykkylven Legesenter. Øyvind Rogstad er tilsett i vikariat i 6 månader med moglegheit for forlenging. Han går inn i praksisen til Svein E. Welle. Alle som har hatt Welle som sin fastlege, vil no automatisk få Rogstad som ny fastlege. Det er ikkje naudsynt å gjere noko aktivt dersom de synest dette er greitt. Men dei som ynskjer skifte fastlege, kan gjere det sjølv ved å gå inn på www.fastlegen.no .

Frå 1.september vil det kome turnuslege ved Sykkylven Legesenter. Han heiter Ahmed Ali og skal vere her i 6 månader.

Det er no inngått ny individuell avtale med alle legane om bruk av dei offentlege timane. Dette er timar som vert nytta m.a. på BUAS, helsestasjonen, samarbeid med off. etatar, kommunal planlegging, helserådsarbeid og anna kommuneoverlegearbeid mm. Tilsaman har kommunen hatt avtale om 50 t/veke til off. arbeid. Dette vert no 45,5 t/v frå 3.april. Dette er i samsvar med tariffavtalane til legane.

Det har den siste tida vore stor aktivitet ved sentralebordet på Sykkylven Legesenter. Kapasiteten har til tider vore sprengd sjølv om ein har sett inn ekstra ressurser. Mange ringer for m.a å spørje om tidspunktet for timen som er bestillt. Dette er med å belaste sentralbordet unødig. Så ver med å bidra til kortare ventetid på telefonen.
Info 
Webredaktør 04.04.2013 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]