Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kultur og fritid Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Sykkylven - 17.mai 2013

¤EPII_TITLE¤ Her finn du programmet for 17.mai 2013 i heile Sykkylven kommune

0800 Speidarane heiser flagget på Klokkehaugen til musikk av Sykkylven Janitsjarorkester

0815 Sykkylven Janitsjarorkester spelar i gatene

1000 Sykkylven kyrkje. Høgtidsgudsteneste ved sokneprest Helge Standal og kantor Rose Iren Stave.

Sykkylven speidargruppe og Credo Brass/vokal tek del.

1100 17.mai toget stiller opp frå kyrkjekrysset og oppover Auregata til Coop Mega

Rekkefølgje:

Ordførar- Lensmann - Sykkylven speidargruppe med flaggborg –

Sykkylven Janitsjarorkester - Ullavik skule – Vik skule - Aure skule - Sykkylven skulekorps -

Sørestranda skule - Sykkylven Blandakor - Sykkylven frilynde ungdomslag - Sykkylven Idrottslag

– Sykkylven opplæringssenter - Vikedalen barnehage - Vik barnehage – Ullavik barnehage -

Tryggheim barnehage – Krikane barnehage - Sykkylvsrussen 2013.

1115 Toget går innover Kyrkjevegen til Statoil, tilbake til Rådhuset og ned vegen til BUAS.

Toget går inn i rundkøyringa ved BUAS. Korpsa spelar når dei marsjerer forbi BUAS. Sykkylven

Janitsjarorkester stoppar opp og spelar "Ja vi elsker dette landet" ved hovudinngangen. Toget

held fram til Rådhuset, ned Kyrkjevegen til Kyrkjeparken.

1215 Program i Kyrkjeparken:

Minneord og kransnedlegging over deltakarar i Fridomskrigen 1940-45 ved

minnesteinen i Kyrkjeparken. Deltakarar frå Heimevernet, Ordførar Petter Lyshol og

Sykkylven Janitsjarorkester tek del.

Trompetsignal ved Magne Nilsen.

Allsong ”Ja vi elsker dette landet”, korpsa spelar til.

Viktor Ystenes Fauske spelar trompet

Bedriftslege i Sykkylven Viktor Klokk held dagens appell

Stine Regina Tusvik syng

Allsong ”Fagert er landet”, Sykkylven Janitsjarorkester spelar til.

Appell frå Sykkylvsrussen 2013.

Allsong ”Heimbygda”, Sykkylven Janitsjarorkester spelar til.

1800 Sykkylven bedehus:

Helge Standal held tale

Credo Brass spelar og syng

Sykkylven kyrkje:

2000 Velledalskoret held konsert i Sykkylven kyrkje

Ikornnes

11.00 17.mai tog på Aure, sjå eiga annonse

12.30 Kiosken på skuleplassen opnar

Leikar på skuleplassen

13.00 Sal av mat på skulen

13.30 Folketoget går frå skuleplassen

14.15 Sal av mat/kiosk, leikar på skuleplassen

15.30 Folkefest i kyrkja

Alle velkomne

Straumgjerde

08.00 Flaggheising. Straumshorn juniorkorps/Velledalen skulekorps spelar

Nedlegging av blomar ved bautaen til Henrik Straumsheim

12.00 Folketog frå Tandstad skule

13.00 Program

Leikar for små og store. Premie til barna.

Skulebarna underheld

Lions/MOT- program

Kjetil Tandstad held tale

Sal av is og brus, kaker og kaffi

Allsong

Alle velkomne

Velledalen

14.00 Toget startar frå Brunstad

Velledalen Naturbarnehage underheld

Velledalen Montessoriskule underheld

Tale for dagen ved Roar Skoglund

Emma Holmberg, fele, Sigrid Ulset Lade, song

Leikar for barna

Sal av mat, brus, pølser, kaffi og kaker

Alle velkomne

Hundeidvik

07.00 Salutt/skramletog

10.00 Frokost på bedehuset

13.00 Tog frå gamleskulen til grendahuset

Leikar

Før festen leikar og konkurransar ute og inne

Sal av rømmegraut, is, brus, kaker og kaffi

15.00 17.mai fest på Grendahuset

Alle velkomne

Tusvik

09.00- 11.00

Alle er velkomne til stor frukost på Blakstad barnehage

Vik

15.00 Elevar ved Vik skule underheld

Russepresident Hedda Hjortdal held tale

Lions deler ut T-skjorter

Leikar for barna

Sal av pølser, brus, kaffi og kaker.

Alle velkomne

Sykkylven Storhall /Aure skule

13.00 Dørene vert opna

13.30 Sal av rømmegraut, pølser med brød, kaker og kaffi

15.00 Program med elevar frå Aure skule

Tale ved Olav Harald Ulstein

Alle velkomne

Ullavik

13.30 Sal av rømmegraut, pølser, is, kaker, kaffi, brus

15.00 Elevar i 5.klasse underheld

Lions held appell

Allsong

Leikar

Delar av Sykkylven skulekorps spelar

Fotballkamp

Alle velkomne

Info 
Web Redaktør 15.05.2013 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Relaterte - alle gruppert [2] 
Rediger 
Uten navn [4]