Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Reguleringsplan for Nysæterområdet!

¤EPII_TITLE¤ Reguleringsplan for områda kring Nysætervatnet er lagt ut til  høyring.  Høyringsfrist er 31.august 2013.        
I medhald av plan og bygningslova § 12-10 vedtok Nærings- og utviklingsutvalet den 3.06.2013, sak 36/13, å legge forslag til Områderegulering for areala kring Nysætervatnet ut til offentleg høyring.

Planforslaget dekker områda kring Nysætervatnet og er ei rullering av tidlegare plan frå 2001 for området.

Fjellområda kring Nysætervatnet utgjer ein viktig ressurs for Sykkylven både som rekreasjonsområde og som hytteområde. Nytt planforslag søkjer å legge til rette for vidare utvikling og utbygging, samtidig som ein sikrar verdifulle frilufts- og miljøkvalitetar i området. Området skal også i framtida vere attraktivt og eit positivt bidrag til livskvalitet, god helse og næringsutvikling i Sykkylven.

Planen er ei områderegulering som fastset rammer for vidare utvikling. Utbygging krev detaljregulering av hytteområda.

Merknadar til planforslaget kan sendast Sykkylven kommune, Rådhuset, 6230 Sykkylven, evt. e-post: postmottak@sykkylven.kommune.no, innan 31.august 2013.
 
Info 
Hoftun, Njell 10.06.2013 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]