Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Strålande førskule treff på Slettegjerde

¤EPII_TITLE¤ I dag var det ikkje bruk for presenning eller paraply på det tradisjonelle førskule treffet på Slettegjerde. Opplett og varme gjorde at mange av barna måtte få eit strøk med solkrem midt på dagen.
Alle 5- og 6-åringane i Sykkylven hadde eitt av sine to årlege treff på Slettegjerde i dag. Det var lagt opp til ei mengde aktivitetar, pil og boge, snekring, sanseløype, hinderløp, potetløp,dans,  ball i bøtte og besøk hos huldra i Trollskogen var noko av det ein fekk vere med på . Dette er ein dag med flotte aktivitetar, blide barn og vaksne som kosar seg i Straumgjerde på det flotte Slettegjerde anlegget. Avanserte grillkokkar som har arbeidsplassen sin på ein tilhengar med grill, braser pølser slik at alle kan få seg pølse med brød og raud eller gul saft etter første del av aktivitetane. Det å reise med buss til og frå er og ei oppleving mange av barna sett pris på, det er ikkje kvardagskost for dei fleste å ta buss.  Det er mange heimar som i dag vert pynta opp med heimesnekra båtar, krakkar og andre finurlege gjenstandar som barna sjølv har laga med treklossar , hammar , spikar og tråd i fine fargar. Vil du sjå bileta, logg deg inn på Sykkylven si facebook side og sjå i album.
Info 
Web Redaktør 20.06.2013 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]