Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Landbruk og Miljø Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Har du sett planten Kjempebjørnekjeks?

¤EPII_TITLE¤ Kjempebjørnekjeks er ei fleirårig skjermplante som opphavleg kjem frå Kaukasus. Planta er oppført på svartelista for karplanter og utgjer ei svært stor risiko for norsk natur. Arten kan etablere store, tette bestandar som fortrengjer stadbunde biologisk mangfald og endrar vegetasjonsstrukturen.

I dei seinare år har det blitt registrert fleire førekomstar i Sykkylven kommune, og vi ønskjer difor tips frå publikum om voksestadar både på privat og kommunal grunn i kommunen. 

Utsjånad og formeiring 

Kjempebjørnekjeks er ei fleirårig urt i skjermplantefamilien. Vanlegvis blir planten to til fire meter høg, men under gunstige forhold kan den bli opptil fem meter. Arten har store og flikete blad. Som frittståande plante vender blada skrått opp og har ein nokså tydelig V-forma profil rundt den midtre bladnerven.

Etter to til fire år set planten blomster. Desse sit som fleire store blomsterskjermar på ein enkelt stengel. Hovudskjermen er vanlegvis 30 -50 cm brei, og det er funne opptil 100 000 frø på ein plante. Frøa spreier seg hovudsakelig med vind eller vatn. Under ein plante som har sett frø er det også ein frøbank med opptil 2 000 frø.

Helserisiko

Kjempebjørnekjeks har plantesaft som er toksisk. Dersom huda blir eksponert for sol etter at ein har fått plantesafta på seg, kan det føre til brannskadar. Sprut av plantesaft i augo kan gi alvorlege skadar på synet.

Det er difor viktig å ha verneutstyr på seg når ein fjernar planten. 

Tiltak

Aktuelle tiltak mot kjempebjørnekjeks er:

- Sprøyting og pensling (kjemisk metode)

- Rotkutting, slått, beiting, blomsterstandskutting eller frøstandskutting (mekanisk metode)

Meir informasjon finn du på:

http://www.miljostatus.no/Tema/Naturmangfold/Fremmede-skadelige-arter/Kjempebjornekjeks/

http://www.sabima.no/Kjempebj%C3%B8rnekjeks

http://www2.artsdatabanken.no/faktaark/Faktaark240.pdf

Kontakt i kommunen:

Mandy Häger, tel. 70 24 67 10, mandy.hager@sykkylven.kommune.no

Karl Johan Stadsnes, tel. 70 24 67 05, karl.johan.stadsnes@sykkylven.kommune.no

Kjempebjørnekjeks 2
Fotograf: ukjent

 

Info 
Web Redaktør 05.08.2013 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]