Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Landbruk og Miljø Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Regionalt Miljøprogram (RMP) - Ny søknadsfrist!

¤EPII_TITLE¤ Grunna tekniske problem, er søknadsfristen for Regionalt Miljøprogram utsett til 27.08.13.
Dei som leverar søknaden fram til 27.08, vil ikkje få redusert tilskot.
Møre- og Romsdal har frå 2013 fått nytt Regionalt Miljøprogram med fleire nye ordningar. Dei fleste ordningane er ført vidare frå det tidligare miljøprogrammet, men det er gjort viktige endringar i nokre av ordningane.

Tilskotsordningane i regionalt miljøprogram for Møre og Romsdal 

Du kan få tilskot til:

- Slått eller beite av lokalt verdifullt jordbrukslandskap
-
Skjøtsel av bratt areal (obs! beiting av bratt areal gir ikkje lenger grunnlag for tilskot gjennom RMP)
-
Skjøtsel av slåttemark
-
Beite av kystlynghei
-
Tilrettelegging av fuglebiotopar
-
Drift av enkeltseter/fellesseter med mjølkeproduksjon, drift av enkeltseter/fellesseter med foredling
-
Skjøtsel av gravminne
-
Ingen/utsett jordarbeiding
-
Spreiing av husdyrgjødsel i vår/vekstsesong
- Bruk av tilførselsslangar

Tidligare ordning med skjøtsel av naturbeitemark går ut.

Elektronisk søknad 

Frå og med i år kan du søkje elektronisk i søknadssystemet eStil ved å logge deg inn via Altinn. Det har mange fordelar å søkje elektronisk. Når du brukar den elektroniske søknaden, kan du til dømes teikne inn tiltaka direkte på kart og areala blir automatisk berekna.

Du loggar deg på Altinn ved å bruke MinID, BankID eller Buypass. Dersom du ikkje har tilgang på PC, kan du kontakte landbrukskontoret. Vi kan hjelpe deg med å få lagt inn søknaden elektronisk. Søknadsskjemaet kan også skrivast ut på papir.

Meir informasjon 

Du finn fullstendig informasjon om Regionalt Miljøprogram for Møre og Romsdal på nettsidene til fylkesmannen.

http://www.fylkesmannen.no/More-og-Romsdal/Landbruk-og-mat/Tilskot-innan-jordbruk-og-skogbruk/Regionalt-miljoprogram-for-More-og-Romsdal/Regionalt-miljoprogram-2013-2016/

Info 
Web Redaktør 21.08.2013 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]