Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Høyring Reguleringsplan for F1 (F26A) på Fjellsetra

¤EPII_TITLE¤
Høyringsfrist: 1.november 2013
I medhald av plan og bygningslova av 1985 § 27-1, nr.2, vedtok Nærings- og utviklingsutvalet den 24.09.2012, sak 48/12, å legge forslag til reguleringsplan for hytteområde F1 på Fjellsetra ut til offentleg høyring.
(Område F1 tilsvarer område F26A i Områderegulering for areala kring Nysætervatnet som er under handsaming i kommunen.) Mørelaft Eigedom AS er forslagsstillar.  

Vedtaket i NU vart gjort med atterhald om ulike justeringar av plankart og føresegner som vilkår for utlegging. Forslagsstillar har no justert planforslaget i samsvar med vedtak, og planforslaget vert lagt ut til offentleg høyring.

Hovudføremålet med planen er å fastsette vegføring til nytt byggeområde, samt fastsette ei mengdebegrensing på utbygging i området basert på planlagt vegtilkomst.

Forslaget føreset vidare detaljregulering av byggeområdet.

Plandokumenta er tilgjengelege på kommunen si heimeside under Høyringar, og på Servicetorget på Sykkylven rådhus.

Merknadar til planforslaget kan sendast Sykkylven kommune, Rådhuset, 6230 Sykkylven, evt. e-post: postmottak@sykkylven.kommune.no, innan 1.november 2013.



Info 
Hoftun, Njell 13.09.2013 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]