Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kultur og fritid Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Søknad om spelemidlar 2014

Kvart år fordeler kulturdepartementet tilskot frå spelemiddeloverskotet til anlegg for idrett og friluftsliv.
Kommunar, idrettslag, andelslag eller andre kan søkje om midlar til:


- Ordinære anlegg og rehabilitering
- Ordinære nærmiljøanlegg
- Nærmiljøanlegg forenkla (ordninga fell ut i 2014)
- Kart
- Friluftsliv

Anlegget må være ope for allmenn idrettsleg verksemd og ikkje underlagt kommersielle interesser. Anlegg det vert søkt om stønad til må stå oppført i Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2013-2016.

Teikningar/planar skal være førehandsgodkjent av kommunen eller kulturdepartementet som godkjenner bl.a. fleirbrukshallar, spesialhallar, kunstisflater, utandørs symjeanlegg m.m.
Meir informasjon på: www.idrettsanlegg.no

For 2014 må søknad om førehandsgodkjenning vere kommunen i hende innan 15. oktober
2013. Søknaden skal innehalde ei behovsvurdering, grovt kostnadsoverslag og presentasjon av planane med teikningar. Skjema skal ikkje fyllast ut i denne omgang.

Etter førehandsgodkjenning skal alle søknadane registrerast elektronisk på www.idrettsanlegg.no.

Vedlegg til endeleg søknad frå Sykkylven kommune til fylket med frist 15. januar:

- Førehandsgodkjente planer med behovsoppgåve
- Detaljert kostnadsoverslag
- Utgreiing og legitimasjon for dei enkelte postane.
- Driftsplanar og driftsbudsjett
- Tinglyst skjøte/leigeavtale

For hjelp og spørsmål kontakt kultureininga i kommunen på telefon 70246750

Info 
Web Redaktør 16.09.2013 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]