Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Barnehagar Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Nytt hausttreff på Slettegjerde

¤EPII_TITLE¤ Tradisjonen tru, hadde 5-åringane hausttreff på Slettegjerde den 17. september. Eit nytt årskull med spente 5-åringar kom bussande for å ha ein felles dag med mange opplevingar i Straumgjerde.
Også denne gongen var vergudane på vår side, og det var sol og finever når alle barnehagane møttest til aktivitetsdag på Slettegjerde. Gule vestar, blå vestar, rosa vestar, oransje vestar og nokre utan vestar. Barnehagebarna samla seg for å vere med på snekring, trolljakt, dans, pil og boge, sanseløype og meir til. Mellom alle aktivitetane var det ei god pause med uteservering av pølse med brød og saft.

Det er mange 5-åringar som har vore i barnehagen sidan dei var bitte små, det er derfor kjempeflott at styrarane i barnehagane har teke initiativ til 5-års treffa som ein del av innhaldet i "den sykkylvske barnehage". Med god hjelp frå resten av personalet får 5-åringan to flotte aktivitetsdagar heilt for seg sjølv. 

Den største spenninga på Slettegjerde denne gongen var om ein fann alle trolla som gøymde seg på veg opp til trollskogen. Eg var så heldig å gå med Tryggheim og Velledalen Naturbarnehage på  trolljakt og vi fann heile 11 troll  ( av 14), det er nok ny verdensrekord. Vil du sjå bilete frå slettegjerdedagen, gå inn på facebooksida til Sykkylven kommune.






- Kristin Dyrkorn
Info 
Web Redaktør 23.09.2013 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]