Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Avslutningsfest for "Boksommar 2013"

¤EPII_TITLE¤ Måndag 30. september gjekk avslutningsfesten for «Boksommar 2013» av stabelen. Det blei trongt om plassen på Sykkylven bibliotek denne kvelden. Om lag 120 personar, med smått og stort, var med på arrangementet. Sjølv om det på langt nær var stolar nok til alle, så sette det ingen dempar på humøret blant dei leselystne borna.

Årets «Boksommar» har vore ein suksess. I alt 85 born har vore med på den uhøgtidlege lesekonkurransen, noko som er ny deltakarrekord sidan oppstarten i 2008. Totalt har det blitt lese 1146 bøker, eit gjennomsnitt på om lag 14 bøker pr deltakar. Imponerande!
Troy Harnett (8 år) var den ivrigaste av alle med sine 87 bøker.

Under festen var det sjølvsagt knytt stor spenning til kven som vart trekt ut som vinnar av hovudpremien, eit nettbrett til verdi av 2500 kroner. Denne gjekk til Fredrik Bjørnevik (10 år), som sjølv ikkje var til stades på festen, men fekk gladmeldinga dagen etter. Den øvrige trekninga gav fylgjande vinnarar: Lars Viljo Fauske (boka «Maximum»), Aimee Aurdal (boka «Maximum i mål»), Viktoria Tanghe (boka «Tonje Glimmerdal»), Kristine Runde Seljen (boka Knoterud FK – Solskjærs reise»), Simen Løseth Brunstad (boka «Doktor Proktor og verdens undergang»), Sondre Vedvik (DVD’en «Madagaskar»), Helene Kleven (DVD’en «Madagaskar 2», Tashina Fleischhack (DVD’en «Kung Fu Panda»), Anders Leirmo (lydboka «Musa i bua»), Sara Tynes Ellefsen (buff/hals), Annabel Rust (buff/hals) og Oliver Våtmyr (buff/hals). Elles vanka det diplomar og Pondus-refleksar til samtlege deltakarar.

Vinnaren av «Boksommar 2008», Yrjan Stave Klokk, stod for det musikalske innslaget med framifrå gitartonar. Til stades var også John Roald Pettersen som har skreve fleire bøker for born, både faglege og skjønnlitterære. Han serverte smakebitar frå fleire av desse. Ekstra lydhøyre var borna under opplesinga frå boka «Maximum i mål», historia om eit fantasifull katt. Det heile vart avrunda med bollar og brus. Alle dei positive tilbakemeldingane som biblioteket har motteke etter «Boksommar 2013» gjer at tiltaket truleg vert gjennomført også neste år.
                                                                                                                                                                                                                
Vinnar boksommar 2013
Fotograf: Web Redaktør   Musikk boksommar 2013
Fotograf: Web Redaktør

Info 
Web Redaktør 07.10.2013 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]