Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Tekniske tenester Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Aksjon bustadbrann - røykvarslarens dag 1. desember

¤EPII_TITLE¤

Aksjon bustadbrann er ein landsomfattande informasjonskampanje som blir arrangert av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Gjensidige og Norsk brannvernforening. Den praktiske gjennomføringa lokalt er det Brannvernet, Sykkylven Energi og Elsikkerhet Møre som står for.

 Målet for Aksjon bustadbrann er å sette eit massivt søkelys på brannsikkerheita i dei private heimane og sette fokus på røykvarslarens dag 1. desember.

Det er ikkje tilfeldig at dette skjer i desember. Dette er normalt den verste brannmånaden i året og da ser vi ofte ein auke i talet på bustadbrannar.

Sykkylven brann og redningskorps, Gjensidige, Sykkylven Energi og Elsikkerhet Møre vil fredag 29.november vere representert med ein stand i teltet i sentrum, der dei vil informere om brannsikkerheit, dele ut kalendrar og røykvarslarbatteri.

Brann og redningskorpset vil også i dei komande fredagane gå frå dør til dør for å informere om branntryggleik, dele ut informasjonsmateriell, sjekke røykvarslarar og eventuelt skifte batteri samt sjå på sløkkemateriellet i bustaden. Gjermund Eidem brannmeister i Sykkylven brann og redningskorps, understreker at aksjonen og besøket ikkje er meint som ein kontroll, men bidra til ei bevisstgjering rundt temaet brannsikkerheit. Dette er eit gratis tilbod og det er huseigaren sjølv som avgjer om dei vil ha besøk inn i heimane sine. I år har vi valt ut Åsvegen, Grebstadlia 1 og 2 eller so langt vi rekk fredagskveldane mellom 6 og 20.desember.

På denne måten håper vi at det vert sett fokus på kor viktig det er at spesielt røykvarslarane fungerer, at folk verkeleg sjekkar at dei fungerer og byter batteri årleg. Er ein godt dekt opp i bustaden med mange røykvarslarar så får ein også eit tidlig varsel. Sjølv midt på natta når alle ligg og søv så kan ein kome seg i sikkerheit dersom alarmen går. Det vil også vere god sjanse å til sløkkje eit tidlig branntilløp.

Informasjonskampanjen vert gjennomført i sentrum fredag 29.november mellom kl. 18-21 og så deretter på fredagskveldane frå og med 6.desember til og med 20. desember mellom kl 18 og 20. Lokalt er det Sykkylven Gjensidige Trygdelag som støttar aksjonen med gratis røykvarslarbatteri.

Info 
Web Redaktør 27.11.2013 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]