Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblinger Gå til hovedinnhold
Søkeresultat 
Hjelp 

Informasjon til postjournal og publisering


Sykkylven kommune sin postjournal er tilgjengeleg her: Postliste.

Sykkylven kommune publiserer fulltekstdokument frå sak/arkiv journalen sin. Vi gjer merksam på at arkivdelar for elev, personal og eigedomsskatt, som er ein del av sak/arkiv systemet, ikkje er med på journalen.

Av di vi publiserer fulltekstdokument på internett så kan dokument som elles er offentlege vere unnateke off. pga. personopplysningar, og ligg difor ikkje ute i fulltekst. Nokre av våre dokument er skjerma etter § 7 i forskrift til offentleglova. Publikum kan få innsyn i desse dokumenta ved å ta kontakt med postmottak@sykkylven.kommune.no og få ein "sladda" versjon. Du må då oppgi saknummer og dokumentnummer

Sykkylven kommune sin offentlege journal inneheld inngåande og utgåande dokument. Interne notat vert ikkje publisert i fulltekstdokument, men ein kan be om innsyn i desse så lenge det ikkje er heimel for noko anna.

Postjournal er tilgjengeleg 2 dagar etter postføring.

Dersom journalposten på vår postjournal ikkje er skjerma kan du klikke på eit pdf ikon og få opp dokumentet. Ein kan også finne lenke til mappa som journalposten ligg i. Då får ein heile mappa med alle dokument som ligg der. Vår postliste er å finne på nett i 100 dagar.

Førespurnadane vert vurdert etter kvart som dei kjem inn. Fagleiar arkiv i samråd med sakshandsamar, vurderer innsyn. Vurdering vert gjort etter offentleglova, forvaltningslova og personvernlova.

Klage på avslag om innsyn er heimla i § 11 i forskrift for offentleglova. Klageinstans på avslag om innsyn er Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Offentleglova seier at alle dokument som er offentlege skal vere open for alle. Dette er for å styrkje informasjons- og ytringsfridom, demokratisk deltaking og rettstryggleik.

Offentleglova seier at forvaltninga sine saksdokument er offentleg så langt det ikkje er gjort unntak i lov eller i medhald av lov. Arkivplanen skal sørgje for at Sykkylven kommune praktiserer rutinar som samsvarar med krava i denne lova.

Offentleglova
Forskrift om offentleglova
Forvaltingslova
Personopplysningslova





Uten navn [4]