Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Landbruk og miljø Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Landbrukseigedom - deling

Ein eigedom som blir nytta eller kan nyttast til jordbruk eller skogbruk, kan berre delast etter samtykke frå kommunen. Dersom føremålet med delinga gjer det naudsynt med samtykke til omdisponering etter jordlova § 9, må samtykke til omdisponering godkjennast først. Ved avgjerd om samtykke til deling skal givast, skal det leggast vekt på om delinga legg til rette for ein tenleg og variert bruksstruktur i landbruket. I vurderinga inngår mellom anna omsynet til vern av arealressursane, om delinga vil føre til ei driftsmessig god løysing og om delinga fører til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området. Det kan også leggast vekt på andre omsyn dersom dei fell inn under formålet i jordlova.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Dei som har grunnboksheimel til landbrukseigedom eller kan dokumentere ein privatrettsleg rett til eigedommen.

Kriterium

Kommunen kan gje samtykke til deling dersom delinga legg til rette for ein tenleg og variert bruksstruktur i landbruket. Ein skal da vurdere (1) om omsynet til vern av arealressursane blir ivareteke (2) om det er ei driftsmessig god løysing (3) om det kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området Ein kan òg legge vekt på andre omsyn dersom dei fell inn under føremålet med jordlova. Sjølv om desse landbruksomsyna ikkje talar for deling, kan ein likevel tillate deling dersom det er naudsynt av omsyn til busetjinga i området.

Pris

Det er fastsett eit gebyr på kr 1075,- for enkle/kurante saker og kr 2000,- for andre saker. (sist oppdatert 19.03.2015)

Kontaktinformasjon

Ansvarleg eining

Landbruk

Søknadsprosess

Rettleiing

Søknad om deling av landbrukseigedom skal sendast til kommunen. For å søkje om deling av landbrukseigedom fyller du ut skjema "Søknad om deling av grunneigedom og rekvisisjon av oppmålingsforretning". Søknaden må innehalde beskriving av eigedommen, situasjonsplan og nabovarsel.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Handsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningene som er naudsynte for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur du blir misnøgd med vedtaket. Følgjer ikkje grunngjevinga med, kan du få ho ved å henvende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Klagemuligheit

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sendar du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 25.03.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]