Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Landbruk og miljø Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Nydyrking av areal til jordbruksformål

Ønskjer du å utvide det dyrka arealet ditt, må du ha ein plan for nydyrking som skal godkjennast av kommunen. Kommunen vil vurdere kva for verknader nydyrking vil ha for landskapsbiletet, mangfaldet i naturen og kulturminne. Ved nydyrking skal det setjast att ein vegetasjonssone mot vassdrag etter nærare føresegner. Dersom du ikkje har sett i verk nydyrkinga innan tre år etter at godkjenninga er gjeven, fell godkjenninga bort.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Gardbrukarar som ønskjer å utvide det dyrka arealet sitt.

Kriterium

  • - Det bør vere behov for å styrkje driftsgrunnlaget for driftseininga
  • - Nydyrkingstiltaket bør leggje til rette for driftsmessig gode løysingar
  • - For areal over 50 dekar må det finnast ei konsekvensutgreiing

Samarbeidspartnarar

Landbruksdirektoratet

Kontaktinformasjon

Ansvarleg eining

Landbruk

Søknadsprosess

Rettleiing

Med søknaden skal det følgje ein plan for arbeidet. Planen skal mellom anna innehalde opplysningar om tilkomst, grøfting og framtidig drift av arealet. Har du ikkje sjølv tilstrekkelege kunnskapar til å utarbeide planen, bør du kontakte fagleg kvalifisert hjelp. Kommunen kan rettleie deg. Før vedtak blir gjort, skal kommunen innhente dei uttaler som er nødvendige og elles sørgje for at saka er så godt opplyst som mogleg. Regionalt kulturminnemynde og samisk kulturminnråd skal ha høve til å uttale seg. Samisk kulturminneråd skal ha høve til å uttale seg dersom nydyrkinga kan ha noko å seie for deira fagområde. Det same gjeld Fylkesmannen dersom nydyrkinga kan ha noko på seie for viktige miljøverdiar. Uttalelfristen skal vere på minst éin månad.
  • Landbruksdirektoratet har utarbeidt eit søknadsskjema som må brukast (Skjema SLF-0160). Søknadsskjemaet kan du òg få i kommunen.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Klagemuligheit

Dersom kommunen avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du oppgje kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 20.03.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]