Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Oppvekst og opplæring Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Barnehageplass

Du har rett til å få barnehageplass i hovudopptaket, det året barnet ditt fyller eitt år.

Hovudopptaket gjev plass frå 1. august og har søknadsfrist 1. mars. Heile kommunen er eitt opptaksområde.

Du kan søkje om plass mellom hovudopptaka. Du vil få plass dersom det er ledig kapasitet.

Barnehagen skal gi born gode vilkår for utvikling og aktivitetar i samråd med heimen. Tilbodet i barnehagen skal vere i samsvar med lov om barnehagar og lokal rammeplan. Kvar barnehage skal ha ein årsplan som gjev nærare informasjon om innhaldet i den einskilde barnehage.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Barn 0 til 6 år som bur i kommunen.

Kriterium

Opptakskriterier finn du i søkeskjema og i barnehagen sine vedtekter.

Pris

Regjeringa fastset kvart år ein maksimalpris for opphald i barnehage. For 2016 er den sett til:
5 dagars plass:     kr 2655,- pr. mnd.

Kommunen har søskenmoderasjon med 30% for andre barn og 50% for tredje og fleire barn.

Kostpengar kjem i tillegg til opphald.

Samarbeidspartnarar

  • Helsestasjonen
  • PPT
  • Barnevernet
  • Skule

Kontaktinformasjon

Namn

Barnehagar

Tlf

70 24 65 00

E-post

postmottak@sykkylven.kommune.no

Søknadsprosess

Rettleiing

Kommunen skal leggje til rette for ein samordna opptaksprosess for kommunale og private barnehagar. Søknad om barnehageplass skal fyllast ut på eige skjema som er felles for alle barnehagane. Du sender eitt skjema for kvart born du søkjer om plass for.

Skjema

Barnehagesøknad - 2017/2018

Barnehagesøknad - 2016/2017 - bruk berre for søknad om plass våren 2017

Vedlegg

Dersom du søkjer opptak med prioritet heimla i § 13 i lov om barnehagar, skal det leggast ved sakkunnig vurdering. Denne sendes pr. brev til:

Rådhuset v/postmottak
Kyrkjevegen 62
6230 Sykkylven

Søknadsfrist

Hovudopptaket har søknadsfrist 1. mars og gjeld for søkjarar som ønskjer plass i barnehage frå 1. august. Har du ønskje om ein annan oppstartsdato, vert søknaden lagt på venteliste for løpande opptak gjennom hausten.

Handsaming

"Forskrift om saksbehandlingsregler ved opptak i barnehage" gjev reglar for opptak og klagehandsaming i barnehage.

  • det skal i barnehagen sine vedtekter stå opptakskriterier
  • desse skal fyllast ut av søkjar i det elektroniske søkeskjemaet
  • opptakskriteria gjev ulike poengsummar og barna vert prioritert etter poengsum i hovudopptaket
  • ved elles like høve, får eldste barn først plass
  • retten til plass gjev grunnlag for klage dersom ein ikkje får oppfylt 1. eller 2. ønskje
  • ein har og klagerett dersom ein ikkje får plass ved hovudopptaket

I hovudopptaket går det ut skriftleg melding til alle søkjarane om tildeling av plass eller plass på venteliste. Har du ikkje fått oppfylt 1. eller 2. ønskje, har du rett til å stå på venteliste i barnehagen du har som 1. og 2. prioritet.

Ved løpande opptak etter hovudopptaket vert det kun gjeve melding til den som får plass.

Klagemuligheit

Ved hovudopptak kan du klage over avslag på søknad om barnehageplass. Du kan òg klage dersom du ikkje får oppfylt korkje det 1.eller 2. ønsket ditt. Ved supplerande opptak kan berre søkjarar til barnehagen som har rett til prioritet, klage. Klagefristen er normalt tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket.

Dersom kommunen finn at barnet ditt skulle ha fått tilbod om den ønska plassen, skal det få tilbod om første ledige plassen etter at barn med lovfesta rett til prioritet har fått tilbod om plass. Dersom du ikkje får medhald, går saka vidare til klagenemnda i kommunen, som er klageinstans.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 25.01.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
IkonRelaterte dokumenter 
Uten navn [4]