Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > NAV kommunal del Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Økonomisk rådgjeving

Kommunen gir økonomisk rådgiving til dei som har betalingsproblem eller gjeldsproblem. Rådgivinga kan for eksempel vere hjelp til å setje opp eit realistisk budsjett, men kan også vere forhandling med kreditorar og hjelp til å inngå ei gjeldsordningsavtale. NAV har òg oppretta ei landsdekkjande telefonteneste som skal gje ei enkel rettleiing (sjå lenka i brosjyrefeltet).

Omtale av tenesta

Målgruppe

Personar med økonomiske problem / gjeldsproblem

Kriterium

Du skal sjølv etter beste evne prøve å komme fram til ei ordning med fordringshavarane.

Pris

Tenesta er gratis.

Søknadsprosess

Rettleiing

Til det første møtet bør du ha med deg dette:

  • Siste likningsattest 
  • Saldo på alle kontiane
  • Kopi av husleige- eller framleigekontrakt for dokumentasjon av buutgifter
  • Lønnsinntekter og trygdeytingar dei siste tre månadane
  • Dokumentasjon på eventuell bustønad
  • Opplysninga om lån, kredittgjeld, osb.
  • Kvittering for betalt husleige og straum 
  • Utgifter til lege, fysioterapeut, kiropraktor, tannlege, osb.
  • Utgifter til barnehage, SFO eller annan barnepass
  • Utgifter til forsikring
  • Opplysningar om innskot i spareordningar



 

Vedlegg

Til det første møtet bør du ha med deg dette:
  • Kopi av dei tre siste lønns-/trygde-/stønadsutbetalingane (sjekk om det er gjort trekk for dekking av gjeld på desse utbetalingane)
  • Kopi av kvitteringar for utgiftspostar som blir vurderte som store, eller andre kvitteringar som det er grunn til å sjekke
  • Kopi av likningsattest
  • Kopi av skatteoppgjeret og utskrift av likninga for siste skatteåret
  • Årsoppgåver (i samband med sjølvmeldinga) frå långivarane
  • Årsoppgåver i samband med bidragsgjeld
  • Ev. utleggsoppmodingar
  • Ev. innkalling til forliksrådet
  • Oversikt over pant som heftingar ved eigen bustad
  • Oversikt over pant som heftingar ved eigen bil

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 11.01.2012 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
IkonRelaterte tjenester 
Uten navn [4]