Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Servicetorget Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Parkeringsløyve for rørslehemma

Du kan søkje kommunen om parkeringsløyve for rørslehemma. Løyvet gir deg rett til å parkere på offentleg skilta og reservert parkeringsplass utan at du betaler avgift, og utan at du behøver å følgje den lengste fastsette parkeringstida (dersom det ikkje er gitt melding om noko anna). Du får til vanleg løyve for to til fem år.

Parkeringsløyvet blir gjeve til bilførar eller passasjer som har særleg behov for å finne parkeringsplass knytt til bustad, arbeid og annan aktivitet.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Personar som ikkje kan gå eller som har store vanskar med å gå over ei viss lengd.

Kriterium

Funksjonshemma, sjuke og uføre.

Søknadsprosess

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om parkeringsløyve.

Skjema

Parkeringsløyve for forflytningshemma

Vedlegg

Ta kontakt med din fastlege. Han vil skrive legeattest på at du treng parkeringsløyve.

Legg ved et passfoto.

Klagemuligheit

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 27.06.2013 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]