Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Servicetorget Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Skjenkeløyve - ambulerande / for eit enkelt høve

Ønskjer du å servere alkoholhaldig drikk i samband med slutta selskap eller ved ei særskild hending, må du søkje kommunen om skjenkjeløyve.

  • Ambulerande skjenkjeløyve er ikkje knytta til ein bestemt person eller skjenkjestad og gjeld berre skjenking i slutta selskap. Løyve blir normalt ikkje kravd ved reint private arrangement som bryllaup, fødselsdagsselskap eller andre jubileum så lenge ein ikkje tar betalt for drikke.
  • Løyve for eit enkelt, bestemt høve gjeld berre for arrangement som for eksempel festivalar og dansetilstellingar. Løyvet gjeld anten alminneleg løyve eller løyve til slutta selskap.

Løyvet kan gjelde:

  • - alkoholhaldig drikk (over 2,5 volumprosent alkohol) med høgst 4,7 volumprosent alkohol
  • - alkoholhaldig drikk med lågere alkoholinnhald enn 22 volumprosent
  • - all alkoholhaldig drikk


Omtale av tenesta

Målgruppe

Skjenkeløyve kan søkjast av personar som ønskjer å servere alkoholhaldig drikk i samband med slutta selskap eller ved eit bestemt høve.

Kriterium

All servering av alkoholhaldig drikk mot ein eller annen form for betaling krev løyve. Ansvarleg skjenkestyrar må vere fylt 20 år (det blir kravd legitimasjon). Det er ikkje krav om stått kunnskapsprøve.

Søknaden må sendast inn minst 3 veker før enkelt høve for servering skal nyttast, då vi skal innhente uttale frå sosialtenesta og lensmannen.

Kontaktinformasjon

Namn

Servicetorget

Adresse

Rådhuset, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven

Tlf

70 24 66 66

E-post

servicetorget@sykkylven.kommune.no

Besøksadresse

Rådhuset, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven

Ansvarleg eining

Servicetorget

Søknadsprosess

Rettleiing

Du må søkje skriftleg i god tid før arrangementet skal vere. Søknaden skal innehalde opplysningar om kva slags arrangement det er snakk om, kven som er arrangør, kor og når arrangementet skal vere, kor mange deltakarar og kven som er ansvarleg skjenkjestyrar. Ansvarshavande må gjere seg kjent med føresegnene i alkohollova og med lokale retningsliner.

Skjema

Skjenkeløyve for eitt særskild høve (lukka og åpent arrangement)

Vedlegg

Legitimasjon

Søknadsfrist

Du må søkje i god tid, minst 3 veker før arrangementet skal vere.

Handsaming

Søkjer du om skjenkeløyve for eit enkelt, bestemt høve, blir det innhenta fråsegn frå politiet og sosialtenesta.
Du får skriftleg melding om vedtaket.

Klagemuligheit

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

Merknader

Det er viktig at søknaden inneheld opplysningar om kva slags arrangement det er tale om, kven som er arrangør, kor og når arrangementet skal vere, kor mange deltakarar og kven som er ansvarleg skjenkestyrar. Ansvarshavande er ansvarleg for å gjere seg kjent med føresegnene i alkohollova og lokale retningsliner.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 16.12.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]