Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Landbruk og miljø Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Produksjonstilskot i jordbruket

    Du kan søkje om produksjonstilskot. I produksjonstilskotet inngår ei gruppe ordningar som kan gjevast til drift av:

    • - jordbruksareal
    • - grønt- og potetproduksjon
    • - husdyrhald
    • - økologisk landbruk

    Tilskotet blir gjeve etter satsar og soner som blir fastsette i eller i medhald av jordbruksoppgjeret. Føremålet med produksjonstilskot er å bidra til eit aktivt og berekraftig jordbruk.

  • Gjeldande søknadsfrister er 20. august og/eller 20. januar, avhengig av kva for produksjonar det blir søkt om tilskot til.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Landbruksforetak som driv vanleg jordbruksproduksjon.

Kriterium

    Landbruksføretaket må drive vanleg jordbruksproduksjon og vere registrert i Einingsregisteret. Føretak som berre søkjer tilskott til birøkt, er unnateke frå kravet om å drive vanleg jordbruksproduksjon. Det er elles avgrensingar knytt til driftsfellesskap og eigarforhold.
  • Jf. forskrift:
  • "Tilskudd etter forskriften kan gis til foretak som er registrert i Enhetsregisteret og som driver vanlig jordbruksproduksjon på én eller flere landbrukseiendommer med de dyreslag eller de vekstgruppene det søkes tilskudd for, slik disse gruppene til enhver tid er definert i medhold av jordbruksavtalen.Foretak som bare søker tilskudd til bikuber er unntatt fra kravet om at produksjonen må drives på én eller flere landbrukseiendommer."

Samarbeidspartnarar

Landbruksdirektoratet og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Kontaktinformasjon

Ansvarleg eining

Landbruk

Søknadsprosess

Rettleiing

Kommunen avgjer søknader om produksjonstilskot. Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om tilskotet.

Skjema

Søknadsskjema og rettleiingshefte blir ikkje lenger sendt ut med posten. Vi oppmodar difor alle til å søkje elektronsik.

For å logge deg inn på Altinn, må du anten bruke BankID, MinID eller Buypass. Det er ikkje lenger muleg å bruke eingangskode frå Altinnbrev. Meir informasjon om dei ulike innloggingsmetodane finn du på nettsida til Difi: http://www.difi.no/elektronisk-id 

Statens landbruksforvaltning har laga to rettleiingsfilmar som skal vise korleis du søkjar elektronisk. Filmane finn du her: https://www.slf.dep.no/no/produksjon-og-marked/produksjonstilskudd/hvordan-soke

Søknadsfrist

Gjeldande søknadsfrister er 20. august og/eller 20. januar, avhengig av kva for produksjonar det blir søkt om tilskot til.

Handsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Klagemuligheit

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Dette gjeld sjølv om du har mottatt melding om vedtaket frå Statens landbruksforvaltning. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Lover og retningsliner

Lover

Forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket (sjå under relaterte lenker)
Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 25.03.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
Uten navn [4]