Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerTenester til deg > Landbruk og miljø Gå til hovedinnhold
Tenestebeskriving 

Økologisk landbruk - direkte tilskot

Tilskot til økologisk landbruk inngår i produksjonstilskotet og omfattar tre ordningar:

  • - omleggingstilskot - obs! omleggingstilskotet er under avvikling
  • - arealtilskot (årleg tilskot til areal som er lagt om til økologisk drift )
  • - tilskot til økologisk husdyrproduksjon

Føremålet med å yte tilskot til økologisk landbruk er å stimulere til å leggje om til og oppretthalde økologiske driftsformer. Tilskota skal gjere sitt til å kompensere for auka kostnader og avlingsnedgang i den økologiske drifta og medverke til å auke produksjon av økologiske landbruksprodukt.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Landbruksføretak

Kriterium

Føretaket må fylle dei generelle krava til produksjonstilskott i jordbruket. Det vil seie at føretaket må vere registrert i Einingsregisteret, og drive med vanleg jordbruksproduksjon. Arealet og husdyra må kontrollerast og godkjennast av Debio slik at produksjonen er i samsvar med dei krava som blir stilte til produksjon og merking av økologiske landbruksvarer. Debio er ein privat kontroll- og godkjenningsinstans som har fått delegert mynde av Mattilsynet for å utøve tilsyn med økologisk landbruksproduksjon i Noreg.

Kontaktinformasjon

Ansvarleg eining

Landbruk

Søknadsprosess

Rettleiing

Søknad sendast til kommunen saman med søknad om produksjonstilskot.

Søknadsfrist

Fristen er 20. august for omleggings- og arealtilskot. For husdyrtilskot er fristen 20. januar og 20. august.

Handsaming

Etter at søknaden er behandla og kontrollert, blir det gjort eit vedtak. Informasjon om vedtaket får du i eit tilskotsbrev.

Klagemuligheit

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Merknader

Som søkjar pliktar du å gje dei opplysningane som blir kravde og godta dei kontrolltiltaka som blir iverksette.

Lover og retningsliner

Lover

Forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot (sjå under relaterte lenker)
Tjeneste - info 
Web Redaktør Sist oppdatert 20.03.2015 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Rediger 
IkonRelaterte tjenester 
Uten navn [4]